Stephen Jeffrey Holley () er ein engelsk trommeslagar. Han var medlem av rockebandet Wings frå august 1978 til april 1981.

I løpet av karrieren frå tidleg i 1970-åra har han spelt med mange artistar som studiomusikar, som Paul McCartney, Elton John, Kiki Dee, G.T. Moore & The Reggae Guitars, Joe Cocker, Ian Hunter, Julian Lennon, Dar Williams, Richard Barone, Ben E. King og Chuck Berry. I 1978, kort tid etter han hadde spelt på Elton John-singelen «Ego», førte eit tilfeldig møte på ein pub i heimsbyen Staines med Denny Laine til at han vart invitert med i Wings. Holley var seinare medlem av Jules Shear sitt band, Reckless Sleepers.

Steve har turnert i fleire år med Ian Hunter som medlem av Ian Hunter's Rant Band.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Steve Holley» frå , den 21. mai 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Engelske rocketrommeslagarar Kategori:Musikarar frå London Kategori:Wings-medlemmar