Tun Media er eit norsk forlag som gjer ut riksavisa Nationen og blada Bondebladet, Traktor og Norsk Landbruk.

Tun Media vart etablert i 2000 som ei samanslåing av Landbruksforlaget, Bondebladet og Nationen. Forlaget held til i Schweigaards gate 34 A på Grønland i Oslo

Dei største eigarane i Tun Media er Amedia (66,9%), Norges Bondelag (24,8%) og AS Nord Trøndelag (8%) etter at Tine, Nortura, Felleskjøpet Agri og Landkreditt selde seg ut i 2021.

Omsetnaden låg på 142,6 millionar kroner i 2020.

Lise Vedde-Fjærestad er administrerande direktør, og Anders Møller Opdahl er styreleiar i selskapet.(2021)

Bakgrunnsstoff Tunmedia.no Medieregisteret.no: Tun Media  (Medietilsynet)

Propaganda-as.no: Ny sjef i Tun Media  (artikkel> Propaganda-as.no: Tord Langmoen går av  (artikkel)

Kategori:Norske forlag Kategori:Skipingar i 2000