Lilija Foatovna Nurutdinova () er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Naberezjnyje Tsjelny som tevla for Sovjetunionen. Ho vart verdsmeister på 800 meter i 1991, og tok OL-sølv 1992 og EM-bronse 1990 på same distansen. I 1993 vart ho dømd for dopingbruk og la opp.
Aktiv Med tida 1.57,25, oppnådd i Kiev 7. juli 1990, stega Nurutdinova inn i verdseliten på 800 meter. Ho kneip bronsemedaljen på distansen då europameisterskapen 1990 vart arrangert i Split i dåverande Jugoslavia, men var sjanselaus i å fylgje dei to utøvarane frå Aust-Tyskland, Sigrun Wodars og Christine Wachtel.
Året etter lukkast Nurutdinova snappe gullmedaljen på spesialdistansen under VM 1991 i Tokyo, eit løp der det skilte 0,13 sekund mellom Nurutdinova på fyrsteplass og Maria Mutola på fjerdeplass, Ana Fidelia Quirot vann sølvet og Ella Kovacs tok bronsen.
Under Sommar-OL i Barcelona sprang Nurutdinova sitt livs snøggaste 800 meter og fekk tida 1.55,99, noko som gav henne sølvmedaljen etter som også nederlandske Ellen van Langen sette personleg rekord og vann på 1.55,54.
Doping Under verdmeisteskapen 1993 i Stuttgart testa Nurutdinova positivt på det anabole steroidet stanozolol. Ho vart utestengd frå friidretten i fire år og la opp.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1990 i Split: Bronsemedalje på 800 m – 1.57,39 VM 1991 i Tokyo: Gullmedalje på 800 m – 1.57,50, framom Ana Fidelia Quirot (1.57,55) OL 1992 i Barcelona: Sølv på 800 m – 1.55,99. Gull i 4 x 400 m stafett VM 1993 i Stuttgart: Diskvalifisert frå 7. plass på 800 m
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lilija Foatowna Nurutdinowa» frå , den 24. mai 2018.
World Athletics
Kategori:Russiske mellomdistanseløparar Kategori:Sovjetiske mellomdistanseløparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Sovjetunionen Kategori:Olympiske meistrar for SUS Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for SUS Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1992 Kategori:Deltakarar for SUS under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Dopingsaker i friidrett