«Ooh La La» er ein song frå 1973 av bandet Faces, skriven av Ronnie Lane og Ronnie Wood. Songen var tittelsporet på det siste studioalbumet deira, Ooh La La.
Songen vart sungen av Wood, som ikkje skjedde så ofte i dette bandet, sidan det stort sett var Rod Stewart som var songar, eller stundom Ronnie Lane. Stewart og Lane song inn vokal for songen, før produsenten føreslo at Wood skulle få prøve seg, og det vart denne versjonen som vart nytta.
Lane spelte inn sin eigen versjon av songen etter han slutta i Faces i 1973 med den nye gruppa si, Slim Chance.
Wood framførte songen på solokonsertane sine frå 1987 til 2012.
Medverkande Ronnie Wood – vokal, akustisk sologitar Ronnie Lane – bass, resonator rytmegitar, tamburin Ian McLagan – piano, orgel, Mellotron Kenney Jones – trommer, maracas
Andre versjonar Rod Stewart spelte sjølv inn songen i 1998 for soloalbumet When We Were the New Boys som ei hyllest til den nyleg avdøde Lane. Det var den første singelen frå albumet og nådde Topp 40 i USA og Topp 20 i Storbritannia.
Indierock bandet Silkworm spelte inn songen i 2000 for albumet Lifestyle. Banjospelaren Danny Barnes spelte inn songen i 2003 på albumet Dirt on the Angel. Songen vart spelt av Counting Crows som ei B-side til singelen «If I Could Give All My Love (Richard Manuel Is Dead)» i 2003. Punkrockaren Tim Armstrong, mest kjend som frontmann i Rancid, spelte inn ein ska-aktig versjon av songen under namnet Tim Timebomb and Friends. Det amerikanske indierockbandet Manchester Orchestra framførte ein versjon av songen i juli 2013 for The A.V. Club.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ooh La La (Faces song)» frå , den 31. mai 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1973 Kategori:Singlar frå 1998 Kategori:Faces-songar Kategori:Rod Stewart-songar Kategori:Songar skrivne av Ronnie Lane Kategori:Songar produserte av Glyn Johns Kategori:Songar skrivne av Ronnie Wood Kategori:Counting Crows-songar