Camouflage er det 13. studioalbumet til Rod Stewart, gjeve ut den 18. juni 1984 på Warner Bros. Records (WEA 925 095-1). Det kom ut tre singlar frå albumet, «Infatuation», «Some Guys Have All the Luck» og ein versjon av Free-songen «All Right Now». Albumet markerte ein slags gjenforeining av Stewart og Jeff Beck, som spelar gitar på fleir songar. Dei to hadde spelt i lag i 60-talsgruppa The Jeff Beck Group.
Informasjon Alle songane på albumet vart spelte inn i Lion Share Studio i Los Angeles. Den Grammy-vinnande produsenten Michael Omartian produserte alle songane utanom «Bad for You», som vart produsert av Stewart sjølv.
Mottaking Albumet fekk ganske dårleg kritikk då det kom ut, slik føregangaren Body Wishes hadde fått. Stephen Thomas Erlewine i AllMusic kalla det likevel «relativt sett betre», på grunn av eit par sterke singlar i «Infatuation» og «Some Guys Have All The Luck». Rolling Stone skreiv ikkje om albumet då det kom, men i meldinga for det neste albumet, Every Beat of My Heart, kalla dei dette albumet «altfor glatt».
Innhald
Medverkande Rod Stewart – solovokal Jeff Beck – gitarsoloar på «Infatuation», «Can We Still Be Friends» og «Bad for You» Jim Cregan – gitar Robin LeMesurier – gitar Michael Landau – gitar Jay Davis – bassgitar Tony Brock – trommer Kevin Savigar – klaverinstrument Michael Omartian – klaverinstrument, perkusjon, korvokal Jimmy Zavala – munnspel Gary Herbig – saksofon Jerry Hey, Chuck Findley, Kim Hutchcroft, Charlie Loper, Gary Grant – blåseinstrument John Guess – lydteknikar og miksing Tom Fouce – andre lydteknikar
Salslister Camouflage nådde åttandeplassen på den britiske albumlista og selde til sølvplate 27. juni 1984. I USA nådde det 18. plassen og selde til gullplate 12. august 1984. Ingen av singlane frå albumet nådde Topp 10 i Storbritannia, men dette klarte to av dei i USA, «Infatuation» (#6) og «Some Guys Have All the Luck» (#10).
+ Singlar År Song Plassering 1984 «Infatuation» 27 (Storbritannia), 6 (USA), 27 (GER) 1984 «Some Guys Have All the Luck» 15 (Storbritannia), 10 (USA), 58 (GER) 1984 «All Right Now» 72 (USA)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Camouflage (album)» frå , den 4. juni 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Rod Stewart-album Kategori:Musikkalbum frå 1984 Kategori:Album produserte av Michael Omartian Kategori:Warner Bros. Records-album