Demon's Crest er eit action-eventyrspel utvikla og utgjeve av Capcom. Det er det tredje spelet med demonen Firebrand, ein fiendefigur frå Ghosts 'n Goblins-serien, og ein etterfølgjar til Gargoyle's Quest og Gargoyle's Quest II.
Spelet vart utgjeve til Super Nintendo Entertainment System i Japan oktober 1994, i Nord-Amerika november 1994 og i Europa mars 1995. Det vart gjeve ut i emulert utgåve gjennom Virtual Console-tenestene til Wii U i 2015 og New Nintendo 3DS i 2016.
Referansar
Kategori:Action-eventyrspel Kategori:Dataspel frå 1994 Kategori:Super Nintendo Entertainment System-spel Kategori:Virtual Console-spel til Nintendo 3DS Kategori:Virtual Console-spel til Wii U