Somethin's Happening er det tredje studioalbumet av den engelske musikaren Peter Frampton, gjeve ut i 1974. Det nådde 125. plassen på Billboard 200.

Bakgrunn Etter utgjevinga av Frampton's Camel i 1973 valde klaverspelaren Mick Gallagher å slutte i gruppa. På det neste albumet spelte Frampton sjølv klaverinstrument i tillegg til gitar, som vanleg. Frampton hadde framleis med seg den britiske bassisten Rick Wills og den amerikanske trommeslagaren John Siomos. Chris Kimsey var lydteknikar på albumet som vart spelt inn i to studio i London, og i Headley Grange i Hampshire, eit tidlegare fattighus som var nytta av Led Zeppelin for somme av dei mest kjende innspelingane deira.

Plateomslaget var designa av Hipgnosis med bilete av bandet som får bytter med vatn kasta i andletet. Salstala for Somethin's Happening var, som føregangarane, skuffande.

Innhald Alle songane er skrivne av Peter Frampton utanom «Doobie Wah», som vart skriven i lag med John Siomos og Rick Wills

Medverkande Peter Frampton – elektrisk gitar, akustisk gitar, gitarsynthesizer, piano, orgel, trommer (spor 7), perkusjon, vokal Rick Wills – bassgitar, vokal John Siomos (oppført som John Headley-Down) – trommer, perkusjon

Andre medverkande Nicky Hopkins – piano på spor 6 og 8

Salslister Album ÅrListePlassering1974Pop Albums125

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Somethin's Happening» frå , den 8. juni 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Peter Frampton-album Kategori:Musikkalbum frå 1974 Kategori:Plateomslag av Hipgnosis Kategori:A&M Records-album Kategori:Album produserte av Peter Frampton