Jelena Vladimirovna Prokhorova () er ein russisk tidlegare mangekjempar frå Kemerovo som vart verdsmeister i sjukamp i 2001 og tok OL-sølv i øvinga året før.

Aktiv Den 23. juli 2000 avslutta Prokhorova sitt livs beste sjukamp i Tula, der ho sanka 6 765 poeng. Under sommarleikane i Sydney to månader seinare tok ho sølvmedalje i sjukampen, 53 poeng bak britiske Denise Lewis og 4 poeng framom Natallja Sasanovitsj frå Kviterussland.

I verdsmeisterskapen 2001 i Edmonton var Prokhorova i ei klasse for seg, med 6 694 poeng var ho over 150 poeng betre enn Sasanovitsj på andreplassen. Derimot var Prokhorova sjanselaus på å forsvare VM-tittelen i sjukamp i 2003, ho enda då fjerdeplass, over 70 poeng bak bronsevinnar Sananovitsj og meir ein 500 poeng bak verdsmeister Carolina Klüft frå Sverige.

Doping Etter å ha testa positivt på bruk av forbodne midlar, var ho av Det internasjonale friidrettsforbundet utestengd frå tevlingar i 1 år frå oktober 2005.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2000 i Sydney: Sølvmedalje – 6 531 poeng, bakom Denise Lewis (6 584) VM 2001 i Edmonton: Gullmedalje – 6 694 poeng, framom Natallja Sazanovitsj (6 539) VM 2003 i Paris: Nr 4 – 6 452 poeng OL 2004 i Aten: Nr 5 – 6 289 poeng

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jelena Wladimirowna Prochorowa» frå , den 8. juni 2018.

World Athletics

Kategori:Russiske mangekjemparar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Russland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Russiske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Russiske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Dopingsaker i friidrett