«Dear Angie» er ein song skriven og sungen av bassisten Ron Griffiths frå The Iveys for albumet Maybe Tomorrow. Han vart gjeven ut som den andre singelen til bandet i somme land i Europa og vart sidan gjeven ut på Badfinger-albumet Magic Christian Music.

Historie Sjølv om den første singelen til The Iveys på Apple Records, «Maybe Tomorrow», hadde selt dårleg i Storbritannia, vart han overraskande ein hit i Nederland. Apple ønskte derfor å gje ut ein ny Iveys-singel for å gje gruppa ein ny sjanse. Produsenten Tony Visconti valde ut «Dear Angie», som var meint å kome ut samstundes med albumet Maybe Tomorrow. Men før singelen og albumet kom ut tok Allan Klein over som sjef i Apple Corps. Klein stoppa begge utgjevingane til The Iveys utanom i land der «Maybe Tomorrow» hadde vore ein hit, som i Europa og Japan.

Medverkande Ron Griffiths - solovokal, bassgitar Tom Evans - korvokal, rytmegitar Pete Ham - korvokal, sologitar Mike Gibbins - trommer

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dear Angie» frå , den 10. juni 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Singlar frå 1969 Kategori:Apple Records-singlar Kategori:Badfinger-songar Kategori:Songar produserte av Tony Visconti Kategori:Songar frå 1969