The Little Mermaid (norsk tittel: Den lille havfruen) er ein amerikansk teiknefilm frå 1989, produsert av Walt Disney Feature Animation og utgjeven av Walt Disney Pictures. Filmen er den 28. animerte langfilmen til Disney. Handlinga er laust basert på eventyret «Den lille havfrue» av Hans Christian Andersen.
Filmen er ein romantisk, humoristisk og eventyrleg barne- og familiefilm med fleire musikalske innslag. Historia handlar om Ariel, ein havfrue som ønsker eit liv på land.
Songen Under the Sea vann Oscar for beste song, og songen Kiss the Girl vart nominert i same kategori.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Animasjonsfilmar frå Disney Kategori:Eventyrfilmar Kategori:Familiefilmar Kategori:Filmkomediar Kategori:Filmar frå 1989 Kategori:Filmar frå USA