Say No More er det siste studioalbumet til den britiske rockegruppa Badfinger. Det kom ut i januar 1981 på Radio Records, og var det andre og siste forsøket til Tom Evans og Joey Molland på gjenskape suksessen Badfinger hadde hatt ti år før. Albumet vart spelt inn i Miami i Florida av Evans, Molland, klaverspelaren Tony Kaye (tidlegare i Yes), gitaristen Glen Sherba og trommeslagaren Richard Bryans. Albumet vart produsert i lag med Jack Richardson.

Airwaves var meir rocka enn det førre albumet til Badfinger og inneheldt ein halvvegs suksessrik singel med songen «Hold On», som nådde 56. plassen på den amerikanske Billboard-lista i 1981. Sjølve albumet nådde berre 155. plassen på den amerikanske Billboard-lista.

Evans-songen «Rock 'N' Roll Contract» var opphavleg spelt inn av bandet for albumet Head First, men dette albumet kom ikkje ut før i 2000.

Innhald

Medverkande Tom Evans – bass, gitar, vokal Joey Molland – gitar, piano, vokal Tony Kaye – klaverinstrument Glenn Sherba – gitar Richard Bryans – trommer

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Say No More (Badfinger album)» frå , den 11. juni 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Badfinger-album Kategori:Musikkalbum frå 1981 Kategori:Album produserte av Jack Richardson