Tundrapiplerke (Anthus gustavi) er ein sporvefugl med hekkeutbreiing i nordlege Sibir og med vinterkvarter i Søraust-Asia. Ho høyrer til den største biologiske slekta Anthus i familien av erler og piplerker, Motacillidae.
Skildring Utsjånd ut storleik er mykje som ei heipiplerke, med strekete fjørdrakt i olivengråbrunt, med underside i kvitt som har streker på flankene og brystet. Tundrapiplerka er ca. 14 til 15 centimeter i kroppslengd. Ho skil seg frå andre artar i slekta med relativt breie kvite langsgåande band på ryggen, og markerte lyse vengband, ho har dessutan korte tertialar som ikkje dekker handsvingfjørene i lengd. Nebbet er relativt kraftig og rosa farge, beina er lyse. Kjønna er like. Songen er låg, metallisk og karakterisert som ei trille med rytmiske slag.
Hekkinga skjer i Nord-Russland frå omtrent vestsida av elva Petsjora vest for Ural-fjella, austover til Beringsundet, sørover til Kamtsjatkahalvøya og Kommandørøyane, dessutan eit isolert område i Amur og Primorskij kraj i Russland og på tilgrensande kinesisk område. Dei er trekkfuglar som overvintrar på øyar i Filippinane og Wallacea i Indonesia.
Hekkehabitat er myrer med sparsam vegetasjon, ved elvebreidder med tett og låg vegetasjon, også i overgangssona mellom tundra og taiga. Føda er hovudsakleg insekt.
Mellom 1991 og 2017 var det ca. 50 registreringar av tundrapiplerker på vitjing i Noreg. Alle er notert i månadene september eller oktober og alle vest i landet frå Troms til Vest-Agder med eit dominerande tal i Røst, Træna og Værøy kommunar i Nordland fylke.
Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.
Kjelder Referansar
Bakgrunnsstoff
kategori:erlefamilien Kategori:Streiffuglar i Noreg