Manoel Francisco Dos Santos (), kjend som Garrincha, var ein brasiliansk fotballspelar frå Pau Grande som vart verdsmeister med det brasilianske landslaget både i 1958 og 1962. Høgrevengen var vidkjend som verdas driblekonge og har framleis ein legendarisk status i heimlandet.
Klubbspel Garrincha spelte på Botafogo frå 1953 til 1965. Med topplaget frå Rio de Janeiro vart han tre gongar delstatsmeister og to gongar vinnar av Rio-São Paulo-turneringa. Gjennom de 13 åra på Botafogo spelte han 581 kampar og skåra 232 mål. I tida 1966-69 hadde han «gjestespel» i både Corinthians og Flamengo.
Landslagsspel mini|Brasils verdsmeistrar i 1958 i Sverige, med Garrincha i kneståande lengst til venstre
Garrincha fekk sin landslagsdebut i 1955. Under verdsmeisterskapen 1958 i Sverige var han ein dei aller beste angriparane og la opp til begge måla Vava skåra då Brasil vann finalen 5-2 mot vertslandet. Fire år seinare vart Garrincha kåra til den beste spelaren i VM 1962, etter Brasil forsvarte VM-tittelen i Chile. Særleg imponerte han i kvartfinalen mot England og i semifinalen mot vertslandet, i begge desse kampane skåra han to mål. Garrincha spelte sin 50. og siste landskamp då Brasil under Fotball-VM 1966 tapte 1-3 mot Ungarn på Goodison Park i Liverpool, den einaste landskampen han gjekk tapande av bana. Gjennom 11 år på landslaget skåra han i alt 12 mål.
Merittar Verdsmeister: 1958 og 1962 for Brasil Delstatsmeister i Rio de Janeiro: 1957, 1961 og 1962 med Botafogo Vinnar av Torneio Rio-São Paulo: 1962 og 1964 med Botafogo
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Garrincha» frå , den 29. juni 2018.
Kategori:Brasilianske fotballspelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1958 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1962