The Blues Brothers er eit amerikansk blues- og soul-band som vart grunnlagt i 1978 av komikarane Dan Aykroyd og John Belushi som del av ein musikalsk sketsj på fjernsynsprogrammet Saturday Night Live. Belushi og Aykroyd var frontfigurane i bandet i rollene som hovudvokalist «Joliet» Jake Blues og munnspelspelar/vokalist Elwood Blues. Resten av bandet bestod av velkjende og respekterte musikarar. Dei debuterte som musikalske gjester i TV-showet den 22. april 1978. Dei opna showet ved å framføra «Soul Man» og seinare «Hey Bartender».
Bandet strekte seg snart utover rammene i fjernsynet. I november 1978 sleppte dei albumet Briefcase Full of Blues, nyttårsaftan 1978 varma dei opp for Grateful Dead på Winterland Arena i San Francisco og i 1980 vart filmen The Blues Brothers produsert.
Etter at Belushi døydde i 1982, heldt the Blues Brothers fram med å opptre med ei rekkje ulike gjestesongarar og andre bandmedlemmer. Bandet samla seg igjen i 1988 for å reisa på verdsturné, og i 1998 gav dei ut oppfølgjarfilmen Blues Brothers 2000.
Bandmedlemmer Opphavlege medlemmer (Ikkje alle medlemmene her var med i filmen frå 1980). «Joliet» Jake E. Blues – vokal Elwood J. Blues – munnspel, vokal Steve «The Colonel» Cropper – gitar, rytmegitar Donald «Duck» Dunn – bassgitar Murphy Dunne – keyboard, tamburin Willie «Too Big» Hall – trommer, perkusjon Steve «Getdwa» Jordan – trommer, perkusjon Birch «Crimson Slide» Johnson - trombone Tom «Bones» Malone – trombone, trompet, saksofon «Blue» Lou Marini – saksofon Matt «Guitar» Murphy – gitar og rytmegitar Alan «Mr. Fabulous» Rubin – trompet Paul «The Shiv» Shaffer – keyboard, arrangør Tom «Triple Scale» Scott – saksofon
Andre medlemmer Jim Belushi (som «Brother» Zee Blues) – vokal John Goodman (som «Mighty Mack» McTeer) – vokal Buster Blues – munnspel, vokal (spelt av J. Evan Bonifant i Blues Brothers 2000, munnspelet vart spelt av John Popper) Joe Morton (som Cabel «Cab» Chamberlain) - vokal Cab Calloway – vokal Larry «T» Thurston – vokal Eddie «Knock on Wood» Floyd – vokal Sam «Soul Man» Moore - vokal Bobby «Sweet Soul» Harden - vokal Tommy «Pipes» McDonnell – munnspel, vokal Rob «The Honeydripper» Paparozzi – munnspel, vokal Leon «The Lion» Pendarvis – piano, vokal, arrangør Danny «G-Force» Gottlieb – trommer Jimmy «Jimmy B» Biggins – saksofon Anthony «Rusty» Cloud – keyboard Birch «Crimson Slide» Johnson – trombone Eric «The Red» Udel – bass John «Smokin» Tropea – gitar Lee «Funky Time» Finkelstein – trommer Steve Potts – trommer Anton Fig - trommer Larry «Trombonius Maximus» Farrell – trombone Alto Reed - saksofon Jonny «The Rock & Roll Doctor» Rosch - vokal, munnspel
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Blues Brothers» frå , den 2. juli 2018.
Fotnotar
Kategori:USA-amerikanske musikkgrupper Kategori:Musikkgrupper skipa i 1976 Kategori:USA-amerikanske bluesgrupper Kategori:USA-amerikanske soulband