«Glad All Over» er ein song frå 1957 av rock and roll- og rockabilly-artisten Carl Perkins, so han spelte inn i Sun Records.The Carl Perkins Sun collection. Han vart gjeven ut på singel, Sun 287, den 6. januar 1958 med B-sida «Lend Me Your Comb»).Go, Cat, Go! by Carl Perkins and David McGee, 1996, Hyperion Press, pages 253-254. Songen vart skriven av Aaron Schroeder, Sid Tepper, og Roy Bennett.
Songen vart framført i filmen Jamboree i 1957, der Carl Perkins og bandet hans framfører songen i studio i ein scene liknande då Elvis Presley framførte «Jailhouse Rock» i lag med Scotty Moore og Bill Black. Bandet til Carl Perkins bestod av Carl Perkins på sologitar og vokal, Jay Perkins på rytmegitar, Clayton Perkins på kontrabass og W.S. «Fluke» Holland på trommer, som seinare vart trommis for Johnny Cash.Jamboree (1957) at the IMDB website.
«Glad All Over» var den siste singelen Carl Perkins gav ut på Sun Records.Sun Records singles discography. Innspelinga vart òg gjeven ut på singel i Storbritannia med B-sida «Forever Yours» og kom ut på filmmusikkalbumet for filmen Jamboree.
The Beatles-versjonen
The Beatles spelte inn «Glad All Over» ved to høve i 1963 for BBC radio, med George Harrison på solovokal. Den første av desse vart spelt inn 16. juli 1963 og kom ut i 1994 på Live at the BBC.«Glad All Over» on the website The Beatles Bible.
Den 11. november 2013 kom ein annan versjon av The Beatles for BBC Saturday Club frå 30. juli 1963 ut på On Air – Live at the BBC Volume 2.
Medverkande George Harrison – vokal, sologitar Paul McCartney – vokal, bass John Lennon – rytmegitar Ringo Starr – trommer
Andre versjonar
George Harrison framførte òg songen på TV-showet Blue Suede Shoes: A Rockabilly Session med Carl Perkins i 1985. The Jeff Beck Group spelte inn songen i 1972 på albumet Jeff Beck Group, produsert av Steve Cropper. Brian Setzer framførte songen på konsertar og gav han ut i 2005 på albumet Rockabilly Riot!: Volume One. 60-talsgruppa The Searchers spelte òg inn ein versjon av songen i april 1964 for albumet It's The Searchers.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Glad All Over (Carl Perkins song)» frå , den 5. juli 2018. oppgav desse kjeldene: Perkins, Carl, and David McGee. Go, Cat, Go!. Hyperion Press, 1996, pages 253-254. Morrison, Craig. Go Cat Go!: Rockabilly Music and Its Makers. University of Illinois Press, 1998.
Bakgrunnsstoff
«Glad All Over» på The Beatles Bible.
Kategori:Carl Perkins-songar Kategori:Singlar frå 1958 Kategori:Songar skrivne av Aaron Schroeder Kategori:Songar skrivne av Sid Tepper Kategori:Songar skrivne av Roy C. Bennett Kategori:Songar frå 1957 Kategori:Sun Records-singlar Kategori:The Beatles-songar Kategori:Jeff Beck-songar Kategori:Brian Setzer-songar Kategori:The Searchers-songar