Mattis Leonid Rakov Aleksewitch Mathiesen () var ein norsk fotograf og filmprodusent frå Ålesund, busett i Bærum i Akershus.
17 år gammal flykta Mathiesen frå heimbyen til Storbritannia med ei fiskeskøyte. Etter utdanning ved ein militær filmskule gjorde han under resten av andre verdenskrigen teneste som krigsfotograf i den norske marinen.
Saman med Knut Andersen og Knut Bohwim starta han i 1962 selskapet Teamfilm, som produserte mange av Olsenbanden-filmane. Han fotograferte mellom anna filmane Elskere og Vildanden, begge frå 1963. Han var produsent for Viva Villaveien! (1989) og filmutgåva av Fredrikssons fabrikk (1994).
Mathiesen vart tildelt Aamot-statuetten i 1970.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mattis Mathiesen» frå , den 6. juli 2018.
Kategori:Norske filmfotografar Kategori:Norske filmprodusentar Kategori:Folk frå Ålesund