mini|Pannekakeserveringslag frå Stanton i California, der rundt 4 000 tek del i den årlege påskefeiringa med eggleiting og pannekakeservering.

Pannekakeservering kan vera store pannekakemåltid knytt til offentlege hendingar i ulike delar av Nord-Amerika. Der blir det servert ei mengd pannekaker og andre varmrettar til massane av frivillige, ofte gratis eller for ein liten sum som kan gå til eit godt føremål. Måltidet er knytt til mange sommarfestivalar og andre hendingar i Canada og USA.

Tradisjonen er særleg utbreidd i Vest-Canada under namnet pancake breakfast. Her er han knytt til ranchkulturen med storfehald, truleg fordi cowboyar blei gjevne pannekaker frå ei matvogn medan dei var ute og gjeta storfe.

I USA kan ulike grupper bruka måltidet, ofte kjend som pancake feed, som ein måte til å samla inn pengar på, til dømes for skular, kyrkjer, sjukehus og ulike ikkje-statlege eller velgjerdsorganisasjonar.

Pannekakeservering i Canada mini|Pannekakeservering ved Chinook Centre Mall i Calgary i Alberta, ei årleg hending der over 60 000 folk får pannekaker. Bildet er frå 2011.

I Alberta i Canada er tradisjonen med pannekakeservering også tett knytt til dei store årlege sommartilstellingane, som marknadar og messer, på ulike stadar.

Blant desse er K-Days i Edmonton, og rodeotilstellinga Calgary Stampede. Ein har hatt pannekakeservering ved rodeoen i Calgary sidan 1923, då ein lokal rancheigar byrja servera pannekaker frå stormkjøkkenet sitt under feiringa til alle som kom innom han. Det blei snart tradisjon for lokale verksemder og lag frå Calgary til Edmonton å halda slike mattilstellingar for tilsette, kundar og andre under Stampede, K-Days og andre tilstellingar som Western Days i Red Deer. Eit anna høve der ein ofte serverer pannekaker til massane er Canada Day.

mini|Elizabeth May, leiaren for Green Party of Canada, serverer pannekaker ved Calgary Stampede i 2008

Pannekakeservering har lenge hatt ei politisk tilknyting. Premier of Alberta er årleg vert for slike tilstellingar både ved K-Days og Calgary Stampede, som mange politikarar vitjar.

Ved den lovgjevande delstatsforsamlinga i Alberta, Alberta Legislature, blir det halde pannekakeservering på Canada Day der dei folkevalde er blant dei frivillige.

I tillegg held dei fleste marknader i småbyane i Alberta ei pannekakeservering med ordføraren, byrådane og andre viktige lokale personar som vertar. Desse tilstellingane er blitt del av ein såkalla «barbecue circuit» av sommartilstellingar som kanadiske politikarar blir forventa å ta del i.

Over tid har pannekakeserveringar knytt til Calgary Stampede utvikla seg til store hendingar der store kommersielle sponsorar kan kappa om å utklassa kvarandra. Tilstellingane blir ein stad å byggja nettverk og laga avtalar på. I løpet av den ti dagar lange rodeofestivalen kan det bli halde over 100 ulike pannekakeserveringstilstellingar. Statsministeren i Canada og andre nasjonale partileiarar kan også ta del i desse tilstellingane.

Ein av dei største årlege pannekakeserveringane er Chinook Centre sin, der ein serverer rundt 60 000 menneske.

Pannekakeservering er også knytt til kanadisk fotball-kultur, særleg blant tilhengjarar av lag frå Alberta. Supporterar for lag frå både Calgary og Edmonton held pannekakeserveringar under den vekelange Grey Cup kvart år. Denne tradisjonen byrja under meisterskapen i 1948, då fleire hundre tilhengjarar av Calgary Stampeders kom til Toronto for å sjå laget sitt i tevlinga for første gong. Supporterane tok med seg hestar og feltkjøkkenvogner (chuckwagons) og serverte pannekaker som i Stampede-veka til overraska Toronto-buar. Historikaren Hugh Dempsey meiner hendinga endra meisterskapen for alltid: «The Grey Cup was just another game until Calgary went down to Toronto with chuckwagons and everything and turned it into an event.» Det blir no servert gratis pannekaker ved einkvar Grey Cup der Calgary er med.

Pannekakeservering i USA mini|Pannekakeservering ved National Archives Sleepover i USA.

Pancake feed er ein liknande tradisjon frå USA, der ein også kan bruka nemninga pancake breakfast. Dette er ei tilstelling der ein typisk held ein ståande buffet med så mange pannekaker ein kan eta, ofte støtte for lokale idrettslag eller andre organisasjonar, eller til inntekt for eit anna godt føremål.

Skikken er utbreidd i delstatar som Minnesota og Nebraska. I Seattle er dei knytt til norsk- og svensk-amerikanske lag og klubbar.

Organisasjonen Kiwanis International har halde ei pannekakeservering i Lincoln i Nebraska årleg sidan 1950-talet. I februar 2008 blei det sett rekord då ein hadde pannekakeservering for over 38 000 folk i Fargo i Nord-Dakota.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Pancake breakfast» og «Pancake feed» frå , den 8. juli 2018.

Kategori:Pannekaker Kategori:Kanadisk kultur Kategori:Alberta Kategori:Midtvesten Kategori:USA-amerikansk kultur Kategori:Norsk-amerikansk kultur Kategori:Svensk-amerikansk kultur