Yvon Le Roux () er ein fransk tidlegare fotballspelar frå Plouvorn som vart europameister med Frankrike i 1984 og tok VM-bronse to år etter. Han var ein sterk midtstoppar som i tida 1977-90 spelte på fem ulike franske klubblag.

Klubbspel Le Roux spelte på Stade Brest frå 1977 til -83. Dei neste seks åra gjorde han teneste i toårsbolkar på kvar av klubbane AS Monaco, FC Nantes og Olympique Marseille. Tida i Olympique Marseille avslutta han med å verte seriemeister og vinne cupfinalen 1989 mot sin tidlegare klubb Monaco. Han slutta som aktiv spelar våren 1990 etter ein sesong i Paris Saint-Germain.

Landslagsspel Le Roux landslagsdebuterte med å sende Frankrike i føringa då Jugoslavia sitt landslag var gjester på Parc de Princes i Paris 23. april 1983, ein kamp som enda med 4-0 til vertane. Sidan var han med då Frankrike vann europameisterskapen 1984 på same arenaen den 27. juni etter finalesiger 2-0 mot Spania, ein kamp der han vart utvist etter 84 minutts spel. Under verdsmeisterskapen 1986 spelte Le Roux einast i bronsefinalen mot Belgia, der Frankrike sikra seg medaljen med sluttsiffera 4-2. I hans nest siste landskamp, den 5. september 1989, spelte Noreg og Frankrike uavgjort 1-1 på Ullevaal stadion i Oslo framfor einast 8 564 tilskodarar. Ein månad seinare tok Le Roux på Parc de Princes på seg landslagsdrakta for 28. og siste gong, utan å ha kome skåringslista etter debutkampen.

Merittar Europameister: 1984 for Frankrike VM-bronse: 1986 for Frankrike Fransk cupmeister: 1985 med AS Monaco og 1989 med Olympique Marseille Fransk seriemeister: 1989 med Olympique Marseille

Kjelder eu-football Denne artikkelen bygger på «Yvon Le Rouz» frå , den 12. juli 2018.

Kategori:Franske fotballspelarar Kategori:Brest-spelarar Kategori:Monaco-spelarar Kategori:Nantes-spelarar Kategori:Marseille-spelarar Kategori:Paris Saint-Germain-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1984 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1986