Flash er eit studioalbum av gitaristen Jeff Beck, gjeve ut i juli 1985 på Epic Records.Erlewine, Stephen Thomas. «Flash - Jeff Beck». AllMusic. All Media Network. Henta 14. juli 2018. Albumet nådde 39. plassen på den amerikanske Billboard 200-lista«Flash - Jeff Beck | Awards». AllMusic. All Media Network. Henta 6. juli 2018. og gjekk inn på topp 60 i fire andre land.«Jeff Beck - Flash (album)». finnishcharts.com. Hung Medien. Henta 6. juli 2018. To singlar gjekk òg inn på listene. Den førte var eit samarbeid med songaren Rod Stewart (som hadde sunge i Jeff Beck Group) på ein versjon av «People Get Ready» av The Impressions. Denne nådde femteplassen på Billboard'''s Mainstream Rock og 48. plassen på Hot 100, og topp 40 i fire andre land. Den andre singelen, «Gets Us All in the End», nådde 20. plassen på Mainstream Rock-lista. Den instrumentale «Escape» vann Grammyprisen for besste rockeinstrumental i 1986,«28th Grammy Awards - 1986». Rock On The Net. Henta 14. juli 2018. den første av mange Grammyprisar Beck har fått i denne klassen.

Oversyn Albumet er unikt i Beck-samanhengen fordi det hovudsakleg består av vokale songar, utanom dei to instrumentalane «Escape» og «You Know, We Know» (høvesvis kvar skriven av dei langvarige samarbeidspartnarane Jan Hammer og Tony Hymas). Albumet vart spelt inn med då moderne 80-talsproduksjon og vart rekna som eit popalbum. Det vart produsert av Nile Rodgers. Beck song til og med på «Get Workin'» og «Night After Night», etter Rodgers insisterte.Rosen, Steven (1989). «Jeff Beck Interview (1989)". Modern Guitars Magazine. Arkivert frå originalen den 2011-01-05. Henta 14. juli 2018. På «Ambitious» og «People Get Ready» spelte Beck på ein Jackson Soloist-gitar, i staden for den vanlege Fender Stratocaster-gitaren sin.Noble, Douglas J (June 1993). «Jeff Beck Outtakes» . The Douglas J Noble Guitar Archive. Henta 14. juli 2018. Trass i at albumet vart ein suksess, har Beck sidan uttrykt misnøye med albumet og kalla det ein «plateselskapstabbe» og «ei trist tid» for han.Guy, Paul (1999). «Jeff Beck - Who Else?». Paul Guy Guitars. Henta 14. juli 2018.

CD-utgåva av Flash inneheld to bonusspor, «Nighthawks» og «Back on the Streets», som begge opphavleg vart gjevne ut som B-sider. Ein annan song frå innspelinga av albumet, «Wild Thing» (ein song av The Troggs), kom berre ut på ein promosingel og aldri på albumet,«Jeff Beck – Wild Thing». Discogs. Henta 14. juli 2018. men kom sidan ut på samlealbumet Beckology'' i 1991.

Innhald

Medverkande

Jeff Beck – solovokal (spor 6, 8), gitar, produksjon (spor 3, 4, 9, 11) Jimmy Hall – solovokal (spor 1, 2, 5, 7, 10), bakgrunn vokal Rod Stewart – solovokal (spor 4) Karen Lawrence – solovokal (spor 11) Jan Hammer – Fairlight CMI (spor 3) Tony Hymas – klaverinstrument (spor 9), produksjon (spor 9) Duane Hitchings – klaverinstrument Robert Sabino – klaverinstrument Carmine Appice – trommer Jay Burnett – trommer Jimmy Bralower – trommer Barry DeSouza – trommer Tony «Thunder» Smith – trommer Doug Wimbish – bass Tina B – korvokal Curtis King – korvokal David Simms – korvokal Frank Simms – korvokal George Simms – korvokal David Spinner – korvokal

Teknisk David Charles – lydteknikar Jason Corsaro – lydteknikar Eddie DeLena – lydteknikar Rob Eaton – lydteknikar Chris Lord-Alge – lydteknikar Tom Lord-Alge – lydteknikar Eric Mohler – lydteknikar Tony Tavener – lydteknikar Nigel Walker – lydteknikar Andy Wallace – lydteknikar Nile Rodgers – produksjon (spor 1, 3, 5, 6, 8, 10) Arthur Baker – produksjon (spor 2, 7)

Salslister Album År Liste Plassering1985Sverigetopplistan27New Zealand albums chart34Billboard 20039Den nederlandske albumlista43Den tyske albumlista60

Singlar År Title Liste Plassering1985«Gets Us All in the End»Billboard Mainstream Rock20«People Get Ready»5Sverigetopplistan15Den belgiske singellista22Den sveitsiske singellista24New Zealand singles chart35Billboard Hot 10048

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Flash (Jeff Beck album)» frå , den 14. juli 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Jeff Beck-album Kategori:Musikkalbum frå 1985 Kategori:Epic Records-album Kategori:Album produserte av Nile Rodgers Kategori:Album produserte av Arthur Baker Kategori:Grammyprisvinnarar