Avard Moncur () er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Bahamas som i 2001 vart verdsmeister på 400 meter. Saman med fleire ulike utøvarar frå Bahamas vann han i tida 2000-08 heile seks medaljar i 4 x 400 meter stafett i to ulike sommarleikar og fire verdsmeisterskap i friidrett.
Aktiv Moncur gjorde sitt livs snøggaste 400-meterløp den 7. juli 2001 i Madrid, tida 44,45 sekundar var også bahamansk rekord. Sju veker seinare tok han gullmedaljen på distansen under verdsmeisterskapen i Edmonton, med eit finaleløp på 44,64 sekundar slo han sølvvinnar Ingo Schulz frå Tyskland med 0,23 sekund. Frå same meisterskapen enda i 2008 Moncur opp med gullmedalje også i 4 x 400 m stafett, då det opphavlege vinnarlaget frå USA vart diskvalifisert. Samstundes fekk han då også tildelt ein OL-bronse i 4 x 400 m stafett frå Sydney i 2000.
Frå 2003 vann Moncur heile fire medaljar med bahamanske stafettlag i 4 x 400 m. Etter bronse i VM 2003 vann han og lagkameratar VM-sølv på den lange stafetten i både 2005 og 2007. Også i 2008 tok Bahamas og Moncur ein internasjonal sølvmedalje, då under dei olympiske sommarleikane i Beijing.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2000 i Sydney: Bronse i 4 x 400 m stafett. Utslått i semifinalane (45,18 =nr 9) VM 2001 i Edmonton: Gullmedaljar på 400 m – 44,64, og 4 x 400 m stafett VM 2003 i Paris: Bronse i 4 x 400 m stafett. Utslått i semifinalane på 400 m (45,65 =nr 18) VM 2005 i Helsinki: Sølv i 4 x 400 m stafett VM 2007 i Osaka: Sølv i 4 x 400 m stafett. Nr 8 på 400 m – 45,40 OL 2008 i Beijing: Sølv i 4 x 400 m stafett (deltok einast i kvalifiseringa) VM 2009 i Berlin: Diskvalifisert i 4 x 400 m stafett VM 2011 i Daegu: Nr 9 i 4 x 400 m stafett
Kjelder World Athletics
Denne artikkelen bygger på «Avard Moncur» frå , den 18. juli 2018.
Kategori:Bahamanske sprintarar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Bahamas Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Bahamas Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Bahamanske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Bahamanske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008