mini|Kamé Kamé eller kame (frå italiensk cam(m)eo) er ein type gravering i relieff, det vil seia eit opphøgd bilde. Vanlegvis har relieffet ein annan farge enn bakgrunnen. Kamé blir brukt til smykke, signetringar og ulike pyntegenstandar.

mini|venstre|Grand Camée de France, ein romersk onyks-kamé med fem lag.

Ein kan laga kaméar av til dømes edelsteinar som onyks, jade eller agat, eller i skjel. Ein kan også laga kamear av glas eller keramikk, som i jaspergods.

Intaglio er eit innskore mønster som dermed er ein motsett teknikk av kamé-

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kamé» frå , den 24. juli 2018.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Italienske ord og uttrykk Kategori:Kunsthandverk Kategori:Edelsteinar