Ljudmila Ivanovna Galkina () er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Saratov som i 1997 vart verdsmeister i lengdehopp under VM i Aten, etter å ha utført sitt livs lengste godkjende hopp på 7,05 meter.

Aktiv Galkina vart med sine 6,74 m nummer fem i verdsmeisterskapen 1993, to centimeter bak den danske bronsemedaljøren Renata Nielsen. Våren 1995 vann Galkina lengdetevlinga då innandørs-VM fann stad Barcelona, vinnarhoppet på 6,95 m var hennar lengste hopp til dess.

Under verdsmeisterskapen 1997 i Aten låg Galkina etter tre finaleomgangar på tredjeplass med eit bestehopp på 6,89 m, greske Niki Xanthou leia med 6,93 m framfor Italias Fiona May med 6,91 m. I den fjerde omgangen gjorde Galkina sitt livs lengste hopp i godkjend vind, 7,05 mete, noko som gav henne gullmedaljen framfor Xanathou, som i same omgangen auka til 6,94 m.

I 1998 landa Galkina på 7,06 m i lengdetevlinga ved EM i Budapest, i litt for sterk medvind til at det kunne godkjennast som personbeste. Prestasjonen førte likevel til at ho vann bronsen i meisterskapen, gullet tok tyske Heike Drechsler og sølvet Fiona May. Året etter enda Galkina på fjerdeplassen under Friidretts-VM i Sevilla, 6,82 meter var ein centimeter for kort samanlikna med bestehoppet til bronsevinnar Marion Jones frå USA.

Galkina tok seg til finalen i fleire av dei store utandørsmeisterskapane i åra fram til 2003, utan å kunne gjere seg gjeldande i medaljestriden. Derimot fekk ho ein bronsemedalje i innandørs-EM 2002 ved å hoppe 6,68 m.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1993 i Stuttgart: Nr 5 – 6,74 m VM 1995 i Göteborg: Utslått i kvalifiseringa (6,49 m =nr 17) OL 1996 i Atlanta: Utslått i kvalifiseringa (-) VM 1997 i Aten: Gullmedalje – 7,05 m, framom Niki Xanthou (6,94 m) EM 1998 i Budapest: Bronsemedalje – 7,06 m VM 1999 i Sevilla: Nr 4 – 6,82 m OL 2000 i Sydney: Nr 8 – 6,56 m VM 2001 i Edmonton:Nr 8 – 6,70 m VM 2003 i Paris: Nr 10 – 6,45 m

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ljudmila Iwanowna Galkina» frå , den 26. juli 2018.

World Athletics

Kategori:Russiske lengdehopparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett