Xu Demei () er ein kinesisk tidlegare friidrettsutøvar som i 1991 vart verdsmeister i spjutkasting under verdsmeisterskapen i Tokyo.

Xu kom på andreplassen i spjuttevlinga både ved asiameisterskapen 1989 og asialeikane 1990. I 1990 sette ho elles personleg rekord med eit kast på 68,30 m. Året etter kvalifiserte ho seg til VM-finalen i Tokyo, der ho i den fyrste omgangen smelte til med 68,78 meter, hennar livs lengste kast. Ingen av dei av dei andre finalistane klarte å overgå dette kastet, sjølv om verdsrekordhaldaren Petra Meier kom svært nær med sitt bestekast på 68,68 meter.

Under dei olympiske sommarleikane 1992 i Barcelona nådde Xu 59,98 meter i kvalifiseringa, ein knapp halvmeter for kort til finaleplass, ho enda dermed på 14. plass.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Xu Demei» frå , den 29. juli 2018.

World Athletics

Kategori:Kinesiske spydkastarar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Kina Kategori:Kinesiske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992