Bahareh Letnes ()birthday.se (henta 31. juli 2018) er ein norsk-iransk flyktning, tannlegeassistent og forretningskvinne. Ho har vore med i fleire venleikstevlingar, og blei kåra til Miss Iran 2013, Miss Globe Iran 2014 og Miss Grand International Iran 2014, og blei nummer to i Miss Top of the World 2013.

Letnes kom frå Iran til Norge som tenåring. Ho fekk tre avslag på søknad om asyl og blei tvangsreturnert til Iran. Sidan ho mangla dei rette dokumenta blei ho send tilbake til Noreg, og fekk til slutt innvilga opphald fordi ho var ung og kunne risika tvangsekteskap i heimlandet.

Letnes har arbeidet med relasjonsbygging mellom Iran og Norge, og eig mellom anna enkeltpersonføretaket B & H General Trading Company. Bahareh Letnes.

Letnes blei offentleg omtalt då det kom fram at ho hadde eit kjærasteforhold til fiskeriminister Per Sandberg, og at dei to hadde reist til Iran saman.vg.no 9. august 2018: Per Sandberg nekter å svare på hvorfor han ikke varslet om Iran-reisen (med video om bakgrunnen for saken om saken) Saka enda med at Per Sandberg gjekk av som fiskeriminister 13. august 2018. Seinare same året gav paret ut bok om saka.

Verk Per Sandberg og Bahareh Letnes: Fremmede makter har flyttet inn. Justismord og politisk drap, Juritzen forlag 2018. ISBN 9788233801489.

Kjelder Martine Aurdal: «Per Sandbergs forhold til og ferie med Miss Iran 2013 er pikant. Det er også en potensiell sikkerhetsrisiko», Dagbladet 30. juli 2018 Kunngjøring i Brønnøysindregisteret 8. januar 2018 Mahmoud Faramand: «Per Sandbergs utfordring», Nettavisen 31. juli 2018

Kategori:Nordmenn av iransk opphav Kategori:Norske Skal vi danse-deltakarar