Emily Pauline Johnson (), kjend som E. Pauline Johnson eller berre Pauline Johnson og også kjend under mohawknamnet Tekahionwake som bokstaveleg tyder 'dobbelt-liv', var ein kanadisk forfattar og artist som var populær seint på 1800-talet. Johnson var kjend for dikta sine og for framføringar som reflekterte urfolksopphavet hennar, med ein far som var mohawkhøvding. Johnson hadde også engelske påvekandar, ettersom mor hennar var innvandrar frå England. Eit kjent dikt av henne er «The Song My Paddle Sings».

Johnson gav ut poesi i Canada, USA og Storbritannia. Ho var del av ein generasjon av kanadiske forfattarar som byrja å forma ein eigen kanadisk litteratur. Omdømet hennar svann etter at ho døydde, men interessa for livet og forfattarskapen hennar auka frå slutten av 1900-talet. I 2002 blei det gjeve ut ei komplett samling av dei dikta hennar som er kjende.

Liv og virke

Tidleg liv og utdanning mini|upright|E. Pauline Johnson som ung.

E. Pauline Johnson var dotter av engelskfødde Emily Susanna Howells Johnson (1824–1898) og mohawk-høvdingen George Henry Martin Johnson (1816–1884). Ho var fødd i Chiefswood, eit hus bygd av far hennar i 1856 på den 90 hektar (225 acre) store eigedommen hans i Six Nations-reservatet utanfor Brantford i Ontario. Ho var den yngste av fire barn.

Farmora hennar, Helen Martin, var fødd inn i ulveklanen og var av delvis nederlandsk opphav. Mor hennar, Catherine Rolleston, var opphavleg ei nederlandsk jente som var blitt adoptert i ein ulveklanfamilie etter å ha blitt teken til fange av mohawkar. Source: Betty Keller, Pauline: A Biography of Pauline, Halifax, NS: Formac Publishing, 1981, s. 4 Emily Susanna Howells hadde innvandra til USA i 1832 som liten saman med far sin, stemor si og sysken.

Begge familiane til Johnson sine foreldre var imot giftarmålet deira, og sjølv var Emily og George Johnson uroa for at familien deira av «blanda rase» ikkje kom til å bli sosialt akseptert. Dei blei likevel rekna som ein leiande kanadisk familie. Familien Johnson hadde ein høg levestandard, og både familien og heimen deira var velkjende. Chiefswood blei vitja av framståande intellektuelle og politikarar som oppfinnaren Alexander Graham Bell, målaren Homer Watson, antropologen Horatio Hale og guvernør-generalen av Canada og kona hans, lady og lord Dufferin.

Emily og George Johnson oppmuntra barna sine til å respektera og læra om både engelske og mohawk-tradisjonar. Ettersom barna hadde ein far frå urfolket, var dei etter britisk lov som galdt i Canada på den tida rekna som mohawkar og myndlingar (wards) av den britiske krona. Men etter det matrilineære slektskapssystemet i mohawkkulturen var dei ikkje rekna som mohawkar ettersom mor deira ikkje var det. Dei hadde ingen stammeklan og var ekskluderte frå viktige delar av kulturen.

Farfaren til barna, John Smoke Johnson, var ein Pine Tree-hovding og ein autoritet i liva deira. Han fortalde barnebarna sine fleire soger på mohawk, eit språk dei forstod men ikkje snakka flytande. E. Pauline Johnson sa at ho arva taletalentet sitt frå farfaren. Seinare i livet uttrykte ho sorg for at ho ikkje hadde teke til seg meir av mohawkkulturen frå han.

Som liten var Johnson sjukeleg, og blei ikkje send til Mohawk Institute for å gå på skule. Dette var ein kostskule i Brantford skipa i 1834 som ein av dei første slike for urfolkungar i Canada. Bortsett frå nokre få år då ho var elev ved reservatskulen, blei Johnson for det meste undervist uformelt heime av mora og fleire guvernanter. I tillegg dreiv ho sine eigne studiar i den omfattande boksamlinga til familien.

Ho blei kjend med engelsk litteratur av lord Byron, Tennyson, Keats, Browning og Milton. Ho likte også å lesa soger om amerikanske urfolk, som Longfellow sitt episke dikt The Song of Hiawatha og John Richardson sin roman Wacousta.

Då ho var 14 byrja Johnson som elev ved Brantford Central Collegiate saman med broren Allen. Ho gjekk ut i 1877. Ein annan elev ved skulen var Sara Jeannette Duncan, som skulle skipa sin eigen journalistiske og litterære karriere. Johnson likte å opphalda seg ute i den kanadiske naturen, som ho reiste gjennom i kano.

Litterær og dramatisk karriere mini|E. Pauline Johnson posing.

I 1880-åra skreiv og spelte E. Pauline Johnson i amatørteaterproduksjonar. I 1883 gav ho ut sitt første lengre dikt, «My Little Jean», i Gems of Poetry i New York. Etter dette auka ho produksjonen og gav ut fleire verk.

Kort tid etter at faren døydde i 1884 leigde familien ut Chiefswood. E. Pauline Johnson flytta med mora og ei syster til eit mindre hus i Brantford. Ho arbeidde for å livnæra dei, og fann at ho kunne tena nok med opptredenar på scenen. Johnson forsøga mor si fram til ho døydde i 1898.

I 1885 gav Charles G. D. Roberts ut Johnson sitt «A Cry from an Indian Wife» i The Week, eit blad gjeve ut av Goldwin Smith i Toronto. I diktet bygde ho på hendingane rundt slaget ved Cut Knife under Nordvest- eller Riel-opprøret i 1885. Roberts og Johnson blei venner for livet. Johnson var open om og stolt av mohawkidentiteten sin, men hadde lite å gjera med folk frå mohawk-kulturen som vaksen. I 1885 reiste Johnson til Buffalo i New York for å vera med på ein seremoni til ære for iroquoisleiaren Sagoyewatha, også kjend som Red Jacket. Ho skreiv eit dikt der ho uttrykte beundring for han og ba om forsoning mellom britisk-ætta folk og urfolk.

I 1886 fekk Johnson i oppdrag å skriva eit dikt for å markera avdukinga av ein statue til ære for Joseph Brant i Brantford. Brant var ein viktig mohawkleiar som var alliert med britane under og etter den amerikanske sjølvstendekrigen. Hennar «Ode to Brant» blei lese opp på seremonien den 13. oktober framfor «den største forsamlinga den vesle byen nokon gong hadde sett.» Diktet oppmuntra til brorskap mellom kanadiarar av urfolks- og europeisk opphav under det britiske styret. Det inspirerte ein lang artikkel i Toronto-avisa Globe, og auka interessa for Johnson si dikting og opphav. Diktet blei lese opp av forretningsmannen William F. Cockshutt under seremonien, ettersom Johnson skal ha vore for sjenert til å gjera det.

Gjennom 1880-åra bygde Johnson vidare på omdømet sitt som kanadisk forfattar. Ho gav jamleg ut verk i tidsskrift som Globe, The Week og Saturday Night. I slutten av 1880- og byrjinga av 1890-åra gav ho ut noko nesten kvar månad, for det meste i Saturday Night. Johnson var ein av fleire kanadiske forfattarar som bidrog til å skapa ein særeigen nasjonal litteratur. To av dikta hennar blei tekne med i W.D. Lighthall sin antologi Songs of the Great Dominion (1889), og Theodore Watts-Dunton lovprisa henne i meldinga si av denne boka. Han siterte heile diktet «In the Shadows» og kalla henne «den mest interessante diktarinna i live no.» I dei tidlege verka sine skreiv Johnson for det meste om kanadiske liv, landskap og kjærleik i ein post-romantisk modus som reflekterte litterære interesser ho delte med mor si meir enn mohawk-kulturen.

I 1892 opptredde Johnson på ei tilstelling for kanadiske forfattarar halden av The Young Men's Liberal Association. 16. januar 1892 opptredde ho ved Toronto Art School Gallery, som den einaste kvinna, med diktet «Cry from an Indian Wife». Ifølgje tilskodarar som William Wilfred Campbell og Duncan Campbell Scott fasinerte ho både med lesing og haldning, og gjorde kvelden til ein suksess. Ho var den einaste forfattaren som blei kalla tilbake for eit ekstranummer.

Opptredenen markerte byrjinga på ein femten år lang karriere for Johnson som diktopplesar. Frank Yeigh, som hadde organisert den liberale tilstellinga, signerte henne som artist. Han gav henne ei eiga framsyning den 19. februar 1892, der ho framførte eit nyskrive dikt for høvet, «The Song My Paddle Sings». Johnson blei oppfatta som ganske ung, sjølv om ho då var 31 år gammal, og som ein ven og eksotisk urfolksutøvar. Etter den første runden med opptredenar bestemte Johnson seg for å framheva urfolksaspekta ved framtredenen sin ved å bruka eit urfolksinspirert kostyme. Ho brukte dette kostymet i den første delen av opptredenen sin, der ho framførte dei dramatiske «indiske» versa sine. I pausen bytta ho til moterette engelske klede, og framstod i andre del av opptredenen som ei viktoriansk dame der ho las dei «engelske» versa sine.

Seinare liv venstre|mini|Siwash Rock i Stanley Park, som Johsnon fortalde soga til i Legends of Vancouver. Johnson er gravlagd i nærleiken. mini|Bilete av Johnson som kom ut med den posthume dikstamlinga Flint and feather. Johnson trekte seg tilbake frå opptredenar i august 1909. Ho flytta til Vancouver i British Columbia, der ho fortsette å skriva. Ho skreiv mellom anna ein artikkelserie for Daily Province, basert på soger vennen hennar, høvding Joe Capilano av squamishfolket frå Nord-Vancouver, hadde fortald henne. I 1911 gav ei gruppe vener av Johnson, som då var sjuk og fattig, ut ei samling av desse sogene under tittelen Legends of Vancouver. Dei er blitt verande klassikarar i litteraturen knytt til byen.

Ei av forteljinga hennar var ei squamish-soge om hamskifte, der ein mann blir omforma til steinformasjonen Siwash Rock. Ei anna fortel soga om Deadman's Island, ein holme utanfor Stanley Park i Vancouver. I eit dikt i samlinga kalla ho ein av yndlingsstadene sine 'den tapte lagunen' eller Lost Lagoon, ettersom det verka som om denne kilen forsvann når vatnet rann ut veg lågvatn. Denne vassmassen er seinare blitt gjort om til ein permanent ferskvassinnsjø, men blir framleis kalla «Lost Lagoon».

Dei posthume samlingane Shagganappi (1913) og The Moccasin Maker (1913) inneheld utvalde tekstar som først blei gjevne ut i tidsskrift. Johnson skreiv her sentimentale, lærane og biografiske tekstar om fleire ulike emne. Veronica Strong-Boag og Carole Gerson laga ei mellombels kronologisk liste over tekstane til Johnson i boka Paddling Her Own Canoe: The Times and Texts of E. Pauline Johnson (Tekahionwake) (2000).

Johnson døydde av brystkreft den 7. mars 1913 i Vancouver. Gravferda hennar var den største i byen til då, og fann stad på det som ville vore den 52. fødselsdagen hennar. Ho blei kremert, og urna nedsett ved Siwash Rock i Stanley Park. I 1922 blei det reist ei røys ved gravstaden, med ein inskripsjon som mellom anna seier «in memory of one whose life and writings were an uplift and a blessing to our nation».

Ettermæle mini|venstre|Minnesmerke for Pauline Johnson i Stanley Park. mini|Kanadisk frimerke til minne om Johnson frå1961. Johnson si avgjerd om å utvikla scenepersonlegdommen sin, og populariteten ho opppnådde, reflekterer at publikum ho møtte i Canada, England og USA var mottakelege for urfolkframstillingar på scena. På 1890-talet var interessa for nordamerikanske urfolk, eller indianarar, stor. Både Buffalo Bill Cody's Wild West Show og etnologiske utstillingar om dei var populære. Johnson og syskena hennar arva ei samling gjenstandar frå faren, mellom dei viktige wampumbelte og andemasker. Johnson brukte nokre av desse i opptredenane sine, men selde seinare dei fleste til museum, som Ontario Provincial Museum, eller til private samlarar, som amerikanske George Gustav Heye.Michelle A Hamilton, Collections and Objections: Aboriginal Material Culture in Southern Ontario, Montreal: McGill-Queen's University Press, 2010

Medan ho hadde vore godt kjend og hatt eit godt omdøme i samtida, gjekk kjennskapen til Johnson tilbake etter at ho døydde. Først i 1961, då ein feira hundreårsdagen hennar, byrja Johnson bli anerkjend som ein viktig kanadisk kulturperson.

Forskarar har hatt problem med å idenitfisera det fullstendige verket til Johnson, ettersom mykje blei gjeve ut i ulike tidsskrift. Den første diktsamlinga hennar, The White Wampum, blei gjeven ut i London i England i 1895. Deretter følgde Canadian Born i 1903. Innhaldet i desse to bøkene blei gjeve ut saman med fleire ekstra dikt i samlinga Flint and Feather i 1912. Denne boka har kome i mange opplag, og er ei av dei bestseljande kanadiske diktsamlingane gjennom tidene.