Mikhail Anatoljevitsj Sjtsjennikov () er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Sverdlovsk som i 1994 vart europameister i 20 km kappgang. Han vann elles VM-sølv 1991 og 1997 på same distansen og OL-sølv 1996 på 50 km. Innandørs tok han fire VM-gull og tre EM-gull i 5 km kappgang. Han tevla for Sovjetunionen til 1991, sidan for Russland.
Aktiv Sjtsjennikov utmerkte seg som kappgjengar særleg på 5 km innandørs. Han vann øvinga i alle dei fire fyrste verdsmeisterskapane innandørs, frå Indianapolis i 1987 til Toronto i 1993. I dei store internasjonale meisterskapane utandørs lukkast han vinne si fyrste medalje då han vart andremann på 20 km under Friidrett-VM 1991 i Tokyo. Tre år seinare vann Sjtsjennikov gullmedaljen på same distansen ved EM 1994 i Helsinki. Under dei olympiske leikane i Atlanta i 1996 deltok han både på 20 km og 50 km. Her overraska han stort på 50 km ved å fylgje vinnaren i tevlinga, polske Robert Korzeniowski, så å seie til målstreken, i mål skilde det seks sekundar mellom den olympiske meisteren og Sjtsjennikov på sølvplass. Året etter tok Sjtsjennikov ein ny sølvmedalje, ved VM 1997 i Aten kom han i mål ti sekundar etter verdsmeisteren frå Mexico.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1988 i Seoul: Nr 6 på 20 km – 1.20.47 EM 1990 i Split: Braut 20 km VM 1991 i Tokyo: Sølvmedalje på 20 km – 1.19.46, bakom Maurizio Damilano (1.19.37) OL 1992 i Barcelona: Nr 12 på 20 km – 1.27.17 VM 1993 i Stuttgart: Diskvalifisert på 20 km EM 1994 i Helsinki: Gullmedalje på 20 km – 1.18.45, framom Jauhen Misjulja (1.19.22) VM 1995 i Göteborg: Nr 6 på 20 km – 1.22.16 OL 1996 i Atlanta: Sølvmedalje på 50 km – 3.43.46. Nr 7 på 20 km – 1.21.09 VM 1997 i Aten: Sølvmedalje på 20 km – 1.21.53, bakom Daniel García (1.21.43) EM 1998 i Budapest: Braut 20 km
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Michail Anatoljewitsch Schtschennikow» frå , den 8. august 2018.
Denne artikkelen bygger på «Mikhail Shchennikov» frå , den 8. august 2018.
World Athletics
Kategori:Russiske kappgjengarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Russland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Russland Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Deltakarar for SUS under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1996 Kategori:Russiske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Folk frå Jekaterinburg