Rosa Maria Correia dos Santos Mota () er ein portugisisk tidlegare langdistanseløpar frå Porto som i 1987 vart verdsmeister og 1988 olympisk meister i maratonløping. Ho vann elles dei tre fyrste maratonløpa for kvinner i europameisterskap; 1982. 1986 og 1990.
Aktiv Under EM 1982 i Aten sprang kvinner maraton i ein internasjonalt meisterskap for aller fyrste gong. På dei siste kilometerane av løpet stod medaljekampen mellom italienske Laura Fogli, norske Ingrid Kristiansen og Rosa Mota. Mota drog til sist ifrå og vann med ein margin på 25 og 35 sekundar til Fogli og til Kristiansen. Året etter måtte Mota nøye seg med fjerdeplassen på maraton ved VM i Helsinki, litt over halvminuttet bakom sølv- og bronsemedaljørane. Under sommarleikane 1984 i Los Angeles sprang ho inn til bronse, 39 sekundar bak sølvvinnar Grete Waitz og 37 sekundar framom Ingrid Kristiansen på fjerdeplass. I 1985 sprang Mota sitt livs kjappaste maraton då ho i Chicago Marathon kom i mål på tida 2.23.29, ho vart likevel slått av Joan Benoit frå USA og Ingrid Kristiansen.
Både i EM 1986 i Stuttgart og i VM 1987 i Roma var Mota i ei eiga klasse i kvinnene sitt maratonløp, i Stuttgart kom ho i mål fire minuttar før nummer to og i Roma passerte ho målstreken meir ein sju minuttar føre sølvmedaljøren. Derimot vart det tette oppgjer då ho vann den olympisk gullmedaljen i Seoul hausten 1988 og då ho i 1990 for andre gong forsvarte EM-tittelen i maraton.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1982 i Aten: Gullmedalje – 2.36.03, framom Laura Fogli (2.36.28) VM 1983 i Helsinki: Nr 4 – 2.31.50 OL 1984 i Los Angeles: Bronsemedalje – 2.26.57 EM 1986 i Stuttgart: Gullmedalje – 2.28.38, framom Laura Fogli (2.32.52) VM 1987 i Roma: Gullmedalje – 2.25.17, framom Zoja Ivnova (2.32.38) OL 1988 i Seoul: Gullmedalje – 2.25.40, framom Lisa Martin (2.25.53) EM 1990 i Split: Gullmedalje – 2.31.27, framom Valentin Jegorova (2.31.32) VM 1991 i Tokyo: Braut maratonløpet
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Rosa Mota» frå , den 10. august 2018.
World Athletics
Kategori:Portugisiske langdistanseløparar Kategori:Portugisiske maratonløparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Portugal Kategori:Europameistrar i friidrett for Portugal Kategori:Olympiske meistrar for Portugal Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Portugal Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1984 Kategori:Portugisiske deltakarar under sommar-OL 1984 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1988 Kategori:Portugisiske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 1983 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 1987 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 1991