thumb|Amorinene har lagt sine piler og buer fra seg (i nedre billedkant) på Francesco Albanis «Danza degli amorini» (ca. 1620-1630; Pinacoteca di Brera, Milano). Erot (gresk, frå eros) er ei framstilling av ein kjærleiksgud frå gresk mytologi, tilsvarande amorin eller cupido i romersk mytologi. I seingresk og romersk kunst er erotar framstilte som gudar i barneskikkelse, med venger og med pil og boge som dei vanlegaste attributtane.

Dei opptrer ofte i lag med kjærleiksgudinna, Afrodite/Venus. Det finst veggmåleri i Pompeii av Venus med eit følgje av erotar.

Dei kunne også opptre på eiga hand, til dømes i samband med bryllaup:

mini|none|550px|Erotar, nereide og hippocampus i bryllaupet mellom Poseidon og Amfitrite i ein relieffrise frå siste halvdel av 100-talet f.Kr. (Glyptotheket i München).

I biletkunst frå renessansen og seinare fortsette ein tradisjonen med figurar av små barn med venger, såkalla puttoar eller geniar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Erot» frå , den 13. august 2018.

Kategori:Gresk mytologi Kategori:Romersk mytologi Kategori:Visuelle motiv