Sigrid Borge () er ein norsk friidrettsutøvar frå Hausvik i Hordaland som tevlar i spjutkasting, ei øving der ho under EM i friidrett 2018 enda på åttandeplassen.

Borge vart norsk meister i spjutkast 2016 og 2017. Ho sette den 17. juni 2017 personleg rekord med 63,28 meter ved eit stemne i Bærum, av norske kvinneleg spjutkastarar er det einast Trine Solberg har kasta lengre. Borge fekk dermed delta i VM i friidrett 2017, men mislukkast i kvalifiseringa med 55,08 m som best. Året etter kvalifiserte ho seg til EM-finalen i Berlin, der ho oppnådde 59,60 m og vart nummer åtte.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sigrid Borge» frå , den 15. august 2018.

Kategori:Norske spydkastarar Kategori:Noregsmeistrar i friidrett Kategori:Kongepokalvinnarar i friidrett Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2016 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2017 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2018 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2023 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2024 Kategori:Folk frå Osterøy