mini|Scotch egg

Scotch egg er ein engelsk rett laga av eit hardkokt egg som er blitt rulla i kjøtfarse og deretter brødsmular og deretter frityrsteikt. Det er ein utbreidd piknikrett og snøggmat i Storbritannia. Retten er er eit av dei tidlegaste døma på ferdigmat. Opphavet til namnet er uklar, ettersom retten ikkje har noko kjend samband med Skottland.

Delikatesseforretningen Fortnum & Mason i London i 1738 hevder at dei fann opp Scotch egg i 1738. Ifølgje Culinary Delights of Yorkshire oppstod retten i Whitby i Yorkshire i England på 1800-talet, og egga var opphavleg dekte av fiskefarse. Dei skal ha namn etter serveringsstaden William J. Scott & Sons, som selde dei.

Den eldste trykte oppskrifta på retten finn ein i 1809-utgåva av Maria Rundell si kokebok A New System of Domestic Cookery. Som andre 1800-talsforfattarar ville Rundell serever scotch egg varmt med sjysaus.Oxford Companion to Food, s.v. Scotch egg

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Scotch egg» frå , og «Scotch egg» frå den 16. august 2018.

Kategori:Britisk mat Kategori:Eggeretter Kategori:Snøggmat