Vilhjálmur Einarsson () var ein islandsk friidrettsutøvar og skulemann frå Reyðarfjörður som vann sølvmedaljen i tresteghopp under Sommar-OL 1956 og bronsen ved EM i friidrett 1958.

Under dei olympiske sommarleikane 1956 i Melbourne sette Vilhjálmur ny olympisk rekord med 16,26 m i den andre finaleomgangen, ein rekord brasilianaren Adhemar da Silva forbetra til 16,35 m i fjerde omgang. Sølvmedaljen var den aller fyrste OL-medaljen til Island. To år seinare stod Vilhjálmur på bronseplassen då trestegøvinga var avvikla ved friidretts-EM i Stockholm. Den 7. august 1960 sette han personleg rekord med 16,70 meter heime på Laugardalsvöllur, framleis landsrekord i 2018. Ein månad etter rekordhoppet vart han femtemann i øvinga under Sommar-OL i Roma, seks centimeter bak bronsevinnaren.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1954 i Bern: Utslått i kvalifiseringa (14,10 m=nr 17) OL 1956 i Melbourne: Sølvmedalje - 16,26 m, bakom Adhemar da Silva (16,35) EM 1958 i Stockholm: Bronsemedalje - 16,00 m OL 1960 i Roma: Nr 5 - 16,37 m EM 1962 i Beograd: Nr 6 - 15,62 m

Sonen Einar Vilhjálmsson hevda seg mellom verdseliten i spjutkasting i 1980-åra.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Vilhjálmur Einarsson» frå , den 19. august 2018.

World Athletics

Kategori:Islandske friidrettsutøvarar Kategori:Tresteghopparar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Island Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1956 Kategori:Islandske deltakarar under sommar-OL 1956 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956 Kategori:Islandske deltakarar under sommar-OL 1960 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960