The Paul Butterfield Blues Band er debutalbumet til Paul Butterfield, gjeve ut i 1965 på Elektra Records. Det nådde 123. plassen på Billboard popalbum-lista. I 2003 vart albumet rangert på 476. plassen på lista til magasinet Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene. Det vart flytta opp til 468. plassen på den reviderte lista frå 2012. Det vart òg rangert på 11. plassen på lista til Down Beat over dei 50 beste bluesalbuma.Down Beat Top 50 henta 22. august 2018
Innhald Seint i 1964 fortalte ein ven av husprodusenten til Elektra, Paul Rothchild, at «det beste bandet i verda stod på scenen i ein bluesbar i Chicago». Rothchild tok eit fly til Chicago for å sjå Butterfield-kvartetten, og seinare same kveld såg han gitaristen Mike Bloomfield med eit anna band på ein annan pub.Doggett, Peter. The Paul Butterfield Blues Band/East West. Warner Strategic Marketing 8122 73571-2, 2001, liner notes, s.4-5. I følgje Rothchild var det han som fekk Paul Butterfield til å hente inn Bloomfield som andregitarist i lag med Elvin Bishop. Rytmeseksjonen til Butterfield med Jerome Arnold og Sam Lay, hadde blitt hyrt inn frå bandet til Howlin' Wolf.
Det vart sett i stand ei innspeling i desember 1964, men desse vart lagt på hylla til fordel for konsertopptak frå Cafe Au Go Go i New York City etter bandet hadde spelt på Newport Folk Festival. Dei tidlegare studioinnspelingane kom sidan ut på The Original Lost Elektra Sessions i 1995. Då Rothchild høyrde konsertopptaka var han framleis ikkje nøgd, og bandet gjekk i studio att i september 1965 i eit forsøk på å spele inn albumet for tredje gongen.Doggett, liner notes, s. 6. Gitarsoloane vart alle spelte av Bloomfield, og Bishop vart flytta til rytmegitar. Klaverspelaren Mark Naftalin vart henta inn for innspelingane i september og vart spurt om han ville bli med i bandet permanent, som gjorde bandet til eit seksmannsband.
Albumet består både av originale songar og songar i den elektriske Chicago blues-stilen. Det er eit av dei første bluesalbuma som vart spelte inn i Amerika med ein kvit songar, nokre få år etter den britiske bluesrørsla, der kvite musikarar og songarar hadde spelt blues sidan slutten av 1950-åra.R. F. Schwartz, How Britain Got the Blues: the Transmission and Reception of American Blues Style in the Storbritannia (Aldershot: Ashgate, 2007), Den 29. oktober 2001 vart albumet gjeve ut på ny av Bob Irwin på Sundazed Studios i lag med East-West. I Europa kom denne utgåva ut på Rhino WEA UK.
Innhald
Medverkande Paul Butterfield – solovokal (alle utanom 4, 5, 7), munnspel Mike Bloomfield – gitar Elvin Bishop – gitar Mark Naftalin – orgel (3, 4, 7-10) Jerome Arnold – bass Sam Lay – trommer, solovokal (5)
Salslister ÅrListePlassering1966Billboard Pop Albums123
Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Paul Butterfield Blues Band (album)» frå , den 22. august 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Debutalbum frå 1965 Kategori:Paul Butterfield Blues Band-album Kategori:Elektra Records-album Kategori:Album produserte av Mark Abramson Kategori:Album produserte av Paul A. Rothchild 468