Canned Heat er eit USA-amerikansk rockeband skipa i Los Angeles i 1965. Gruppa er kjend for tolkingane sine av bluessongar og for å fremje interessa for denne musikktypen og artistane som originalt spelte songane. Bandet vart skipa av to bluesentusiastar, Alan Wilson og Bob Hite, som tok namnet sitt frå Tommy Johnson-songen «Canned Heat Blues» frå 1928, ein song om ein alkoholikar som i desperasjonen drikk Sterno, som vart kalla «canned heat» (tørrsprit) på engelsk (frå det originale produktet frå 1914 kalla Sterno Canned Heat). Etter konsertar på Monterey og Woodstockfestivalen mot slutten av 1960-åra, vart bandet verdskjend med ei besetning som bestod av Hite (vokal), Wilson (gitar, munnspel og vokal), Henry Vestine og seinare Harvey Mandel (sologitar), Larry Taylor (bass og Adolfo de la Parra (trommer).

Musikken og haldninga til Canned Heat gav dei mange fans og dei vart etablert som ein av dei mest populære artistane i hippietida. Canned Heat spelte på dei fleste store musikkhendingane i slutten av 1960-åra, og spelte bluesstandardar og sine eigne songar, som stundom drog ut i lange «psykedeliske» soloar. To av songane deira, «Going Up the Country» og «On the Road Again», vart internasjonale hittar. «Going Up the Country» var ei nyinnspeling av Henry Thomas-songen «Bull Doze Blues», som vart spelt inn i Louisville i Kentucky, i 1927. «On the Road Again» var ein coverlåt av Floyd Jones-songen frå 1953 med same namn, som visstnok igjen var basert på Tommy Johnson-songen «Big Road Blues», spelt inn i 1928.

Sidan tidleg i 1970-åra gjekk bandet gjennom mange besetningsendringar, men den noverande besetninga har framleis med tre av medlemmane frå den klassiske besetninga: de la Parra (som har vore med sidan 1967), Mandel og Taylor. Gjennom det meste av 1990- og 2000-åra var de la Parra den einaste medlemmen frå 60-talsbesetninga til bandet. Han skreiv ei bok om karrieren til bandet kalla Living the Blues.Fito De La Parra, Living the Blues.(2000). Larry Taylor, som har vore av og på i bandet, er den andre medlemmen som har vore i bandet sidan dei tidlegaste besetningane. Mandel, Walter Trout og Junior Watson er blant gitaristane som har spelt i seinare utgåver av bandet.

Historie

Opphav og tidlege besetningar Canned Heat vart starta av ein gjeng blues-samlarar. Bob Hite hadde samla og selt på bluesplater sidan tidleg i tenåra og heimen hans i Topanga Canyon var ein møtestad for folk som var interesserte i musikk. I 1965 valde somme av desse å skipe eit jugband og byrja å øve. Den første besetninga bestod av Bob Hite på vokal, Alan Wilson på slidegitar, Mike Perlowin på sologitar, Stu Brotman på bass og Keith Sawyer på trommer. Perlowin og Sawyer slutta etter nokre dagar, så gitaristen Kenny Edwards (ein ven av Wilson) erstatta Perlowin, og Ron Holmes gjekk med på å spele trommer fram til dei kunne finne ein fast trommis.

Ein annan ven av Hite, Vestine (som hadde blitt kasta ut av Frank Zappa sitt Mothers of Invention for dopmisbrukFito De La Parra, Living The Blues. Canned Heat's Story of Music, Drugs, Death, Sex and Survival, 2000, s. 66. .), spurte om han kunne kome med i bandet. Edwards slutta etter kort tid (og skipa sidan Stone Poneys med Linda Ronstadt) og på same tid kom Frank Cook inn som permanent trommeslagar. Cook hadde alt ein del erfaring som musikar, og hadde spelt med jazzartistar som bassisten Charlie Haden, trompetisten Chet Baker og pianisten Elmo Hope og hadde òg samarbeidd me svarte soul- og popartistar som Shirley Ellis og Dobie Gray.

Produsenten Johnny Otis spelte inn det første (ikkje-utgjevne) albumet i 1966 med eit ensemble som bestod av Hite, Wilson, Cook, Vestine og Brotman; men innspelinga vart ikkje gjeven ut før i 1970 då det kom ut som Vintage Heat på Janus Records. Otis fekk spelt in kring eit dusin spor, mellom anna to versjonar av «Rollin' and Tumblin'» (med og utan munnspel), «Spoonful» av Willie Dixon og «Louise» av John Lee Hooker, frå studioet sitt i Vine Street i Los Angeles. Etter ein sommarpause i 1966 slutt Stuart Brotman etter at Canned Heat hadde fått ein lengre spelejobb i Fresno med eit armensk magedansekompani. Canned Head hadde kontakta Brotman om ein platekontrakt som måtte signerast dagen etter, men Brotman kunne ikkje kome dit i tide. Brotman vart sidan med i bandet Kaleidoscope med David Lindley. Som erstatta for Brotman henta Canned Heat inn Mark Andes, som var med nokre månader før han drog attende til det tidlegare bandet sitt, The Red Roosters, som så skifta namn til Spirits Rebellious, og sidan berre Spirit.

Etter å ha fått Skip Taylor og John Hartmann som managerar, klarte Canned Heat omsider å få ein permanent bassist i Larry Taylor, som kom med i mars 1967. Han hadde tidlegare spelt i The Moondogs og var bror til trommeslagaren i The Ventures, Mel Taylor, og hadde alt spelt på konsertar med Jerry Lee Lewis og Chuck Berry, og vore i studio for The Monkees.Fito De La Parra, Living The Blues. Canned Heat's Story of Music, Drugs, Death, Sex and Survival, 2000, s. 112. .

Denne besetninga (Hite, Wilson, Vestine, Taylor, Cook) gjekk i studio i april 1967 for Liberty Records med Calvin Carter, som hadde vore sjef for talentspeidinga til Vee Jay Records og hadde spelt inn musikk med bluesartistar som Jimmy Reed, John Lee Hooker. Dei spelte inn «Rollin' and Tumblin'» og gav denne ut som den første singelen sin med «Bullfrog Blues» som B-side. Det første offisielle albumet deira, Canned Heat, kom ut tre månader seinare i juli 1967. Alle songane var nyinnspelingar av eldre bluessongar. Canned Heat selde ganske godt og nådde 76. plassen på Billboard-lista i USA.

Gjennombrotet Den første store konserten til Canned Heat var på Monterey Pop Festival den 17. juni 1967. Eit bilete av bandet teken under konserten vart nytta på framsida av magasinet Down Beat der ein artikkel skrytte av spelinga deira: «Teknisk er Vestine og Wilson kanskje den beste gitarduoen i verda og Wilson har sanneleg blitt vår beste, kvite bluesmunnspelspelar. I lag med den kraftfulle vokalisten Bob Hite spelar dei country og Chicago blues frå 1950-åra så godt og naturleg at spørsmålet om kva rase musikken høyrer til vert heilt uvesentleg.»Down Beat, August 10th, 1967. D.A. Pennebaker-dokumentaren Monterey Pop fanga utgåva deira av «Rollin and Tumblin» og to andre songar frå settet deira, «Bullfrog Blues» og «Dust My Broom», kom seinare ut på plateboksen i 1992. Canned Heat er òg på eit album kalla Early LA.

Canned Heat fekk òg ryktet på seg for å vere «dei slemme gutane i rocken» etter dei vart fengsla i Denver. Ein politiinformant skaffa nok bevis til at dei vart arresterte for narkotika (ei hending dei song om i songen «My Crime»). Bandmanageren Skip Taylor vart tvungen til å skaffe 10 000 dollar i kausjon ved å selje bandet sine forlagsrettar til direktøren i Liberty Records, Al Bennett.Fito De La Parra, Living The Blues. Canned Heat's Story of Music, Drugs, Death, Sex and Survival, 2000, s. 68-71. . mini|Bilete frå 1970 av den klassiske besetninga av Canned Heat. Etter hendinga i Denver vart Frank Cook erstatta av de la Parra, som hadde spelt trommer i Bluesberry Jam (bandet utvikla seg sidan til Pacific Gas & Electric). Som offisielt medlem av Canned Heat spelte de la Parra den første konserten sin den 1. desember 1967, då dei spelte i lag med The Doors i Long Beach Auditorium.Fito De La Parra, Living The Blues. Canned Heat's Story of Music, Drugs, Death, Sex and Survival, 2000, s. 76. . Dette var starten på den kanskje mest kjende og klassiske besetninga av Canned Heat, som spelte inn nokre av dei mest kjende songane deira. I denne «klassiske» perioden byrja Skip Taylor og John Hartmann å gje bandmedlemmane kallenamn: Bob «The Bear» Hite Alan «Blind Owl» Wilson Henry «Sunflower» Vestine (og seinare Harvey «The Snake» Mandel) Larry «The Mole» Taylor Adolfo «Fito» de la Parra

Det andre albumet deira, Boogie with Canned Heat, inneheldt «On the Road Again», ein oppdatert versjon av 50-talssongen til Floyd Jones. «On the Road Again» vart gjennombrotet til bandet og skaffa dei suksess verda over, og han gjekk til topps i mange land.Fito De La Parra, Living The Blues. Canned Heat's Story of Music, Drugs, Death, Sex and Survival, 2000, s. 90. . Albumet inneheld òg ein tolv minuttar lang versjon av «Fried Hockey Boogie», (tilskriven Larry Taylor, men rappa frå John Lee Hooker sin «Boogie Chillen») der kvart medlem fekk lange soloar.. Hite sin «Amphetamine Annie» vart ein av dei mest kjende songane deira og ein av dei første «anti-dop»-songane det tiåret.

Med denne suksessen leigde Taylor, Hartmann og kompanjongen Gary Essert ein klubb i Hollywood dei kalla Kaleidoscope på Sunset Boulevard, der Canned Heat vart husband. Andre artistar som spelte her var Jefferson Airplane, Grateful Dead, Buffalo Springfield og Sly and the Family Stone.Fito De La Parra, Living The Blues. Canned Heat's Story of Music, Drugs, Death, Sex and Survival, 2000, s. 93. . I 1968 spelte dei òg føre 80 000 menneske under den første årlege Newport Pop Festival i september, før dei drog på den første turneen sin i Europa. Her spelte dei mellom anna på det britiske TV-showet Top of the Pops og det tyske programmet Beat Club.

«Going Up the Country» og Woodstock I oktober gav bandet ut det tredje albumet sitt Living the Blues, med den mest kjende songen deira, «Going Up the Country». Wilson sin versjon av Henry Thomas sin «Bull-Doze Blues» var nesten ein kopi av den originale songen, inkludert panfløytesoloen til Thomas som Jim Horn spelte på fløyte. Wilson skreiv om teksten med ei enkel melding som fanga «attende-til-naturen»-haldninga på slutten av 60-talet. Songen nådde toppen av salslistene i 25 land verda over, og 11. plassen på den amerikanske singellista. Songen vat den uoffisielle kjenningsmelodien til Woodstockfestivalen då han var med i Michael Wadleigh-dokumentaren frå 1970. Albumet inneheld òg den 19 minuttar lange, eksperimentelle «Parthenogenesis», som var ein ni delar lang lydcollage av blues, raga, munnspellydar, gitarforvrenging og andre elektroniske effektar. Alt var sett i hop av manageren og produsenten Skip Taylor. Ein enno lengre song var «Refried Boogie», som med ei lengd på over 40 minuttar vart spelt in på ein konsert på Kaleidoscope.

Andre konsertopptak frå Kaleidoscope på denne tida kom seinare ut i 1971 under den noko villeiande tittelen Live at Topanga Corral (seinare kalla Live at the Kaleidoscope) på Wand Records då Liberty Records ikkje ønskte å gje ut eit konsertalbum på den tida og manageren Skip Taylor ikkje ønskte eit søksmål.Fito De La Parra, Living The Blues. Canned Heat's Story of Music, Drugs, Death, Sex and Survival, 2000, s. 354. . Bandet avslutta 1968 med ein konsert på nyårsaftan i Shrine Auditorium i Los Angeles, der Bob Hite reid på ein rosa elefant på scenen.Fito De La Parra, Living The Blues. Canned Heat's Story of Music, Drugs, Death, Sex and Survival, 2000, s. 96-98. .

I juni 1969, like før Woodstock, kom det fjerde albumet deira, Hallelujah, ut. Albumet bestod hovudsakleg av originale songar som Wilson sin «Time Was» og nnokre få omarbeidde coverlråtar som «Sic 'em Pigs» (Bukka White sin «Sic 'em Dogs») og den originale «Canned Heat» av Tommy Johnson.

Få dagar etter albumet kom ut, slutta Vestine etter ein krangel på scenen på Fillmore West mellom han sjølv og Larry Taylor. Kvelden etter jamma Mike Bloomfield og Mandel med Canned Heat, og begge fekk tilbodet om å bli med i bandet. Mandel tok i mot tilbodet.Fito De La Parra, Living The Blues. Canned Heat's Story of Music, Drugs, Death, Sex and Survival, 2000, s. 6-7. . Den nye besetninga spelte to konsertar på Fillmore før dei spelte på Woodstock i midten av august.