Adolfo «Fito» de la Parra () er ein mexicansk trommeslagar, mest kjend som langvarig medlem av Canned Heat.
Biografi Fito de la Parra byrja å spele trommer då han var 14 år gammal. I 1958 var han medlem av det mexicanske bandet Los Sparks. Seinare spelte han i somme av dei mest kjende rockebanda i Mexico, Los Sinners, Los Hooligans og med Javier Batiz. I 1966 flytta han til Los Angeles og vart medlem av Sotweed Factor før han slutta der for å bli med i Bluesberry Jam. Han spelte òg med The Platters, Etta James, The Rivingtons, Mary Wells og The Shirelles.Happy Trailers HD Han erstatta den opphavlege trommeslagaren i Canned Heat, Frank Cook, og spelte den første konserten sin med bandet den 1. desember 1967. Han kom inn i tide for det andre albumet deira, Boogie with Canned Heat, og har spelt på alle albuma deira sidan den gongen.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Adolfo de la Parra» frå , den 26. august 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad for Canned Heat
Kategori:Mexicanske trommeslagarar Kategori:Musikarar frå Mexico by Kategori:Canned Heat-medlemmar Kategori:USA-amerikanske bluestrommeslagarar