mini|200px|Tornado i Wisconsin, USA, 2005. mini|200px|Ein okkludert mesosyklon-tornado.
Ein tornado eller ei skypumpe er ei kraftig roterande luftsøyle som stig ned frå cumulonimbusskyer (toreskyer), eller i sjeldne tilfelle cumulusskyer, og ned til bakken. Tornadoar har mange forskjellige former, men er ofte synlege som ei smal, trektforma sky, der den smale enden av «trekta» tar nedi bakken. Ofte vil ein òg sjå ei sky av avfall som krinsar rundt den nedre delen av tornadoen.
Ein gjennomsnittstornado har vind mindre enn 50 m/s (175 km/h), er om lag 100–200 meter brei og flyttar seg eit par kilometer i løpet av nokre minutt før dei døyr ut. Dei kraftigaste tornadoane kan derimot ha vind over 130 m/s (480 km/h), vere meir enn 1,5–2 km brei og flytte seg over 100 km på nokre timar.
Dei har vore observert på alle kontinent utanom Antarktis, og ein stor del av dei kraftigare tornadoane oppstår i USA på grunn av den unike topografien og vêrforholda som gjev gode vilkår for utvikling av tornadoar her. Storbritannia er det landet som i snitt har flest tornadoar i løpet av eit år, men desse er som regel små og relativt ufarlege. Sambandsstatane kjem på andreplass (sjå Klimatologi). Andre delar av verda som jamleg har tornadoar er Australia, sørlege område av det sentrale Canada, Nordvest-Europa, austlege og sørlege område av det sentrale Asia, austlege delar av det sentrale Sør-Amerika og det sørlege Afrika.
Ordet «tornado» kjem av det spanske ordet tronada som tyder ‘torevêr’, og som opphavleg vart brukt i Nord-Afrika om dei sterke vindbyene som ofte følgde slike uvêr. Tronada kjem igjen av det latinske ordet tronar, ‘tore’. Andre ord for tornado er «trombe» (ofte om høvesvis svake tornadoar) og skypumpe (tornado som oppstår over vatn). Men desse orda vert ofte brukte om kvarandre. Ein støvkvervel er ein kvervelvind som motsett ein tornado vert utvikla frå bakken og opp, og som ikkje heng saman med nokon cumulus eller cumulonimbus. Støvkvervlar er oftast relativt små og svake.
Definisjonar mini|Ei trektforma sky. mini|Ei skypumpe nær Florida Keys.
Ein tornado treng ikkje nødvendigvis vere synleg, men det låge lufttrykket skapt av den kraftige vinden (sjå Bernoulli-prinsippet) gjer at vassdamp kondenserer til ei synleg «trektforma kondenssky». Ei «trektforma sky» er eit roterande nedheng frå ei toresky, men utan at ein har kraftig vind på bakken. Dette er ikkje tornadoar, men tornadoar startar ofte i frå slike nedheng. På avstand kan det av og til vere vanskeleg å sjå skilnad på slike trektforma skyer og tornadoar. Mange tornadoar produserer derimot kraftig vind på bakken eit godt stykke unna sjølve tornadoen.
Kraftigare tornadoar kan av og til ha fleire kvervlar eller søyler med roterande luft rundt eit felles senter. Ein «satellittornado» er derimot eit uttrykk brukt om ein svakare tornado som er danna i nærleiken av ein stor og kraftig ein. Desse varar ofte ikkje lenger enn eit par minutt og krinsar rundt den større tornadoen (derfor namnet).
Ei «skypumpe» er ein tornado over vatn. Desse treng ikkje oppstå i samband med roterande toreskyer, og kan og oppstå frå «vanlege» cumulusskyer. Dei er ofte svakare enn klassiske tornadoar (vanlegvis F0 eller F1 på Fujitaskalaen). Flyttar ei skypumpe seg over land fører det vanlegvis ikkje til store skadar, og dei løyser seg opp i løpet av få minutt. Men kraftigare skypumper kan derimot oppstå frå superceller og føre til store øydeleggingar om dei flyttar seg inn på land. I tillegg kan kraftige tornadoar flytte seg utover vatn og bli skypumper utan at dei mistar intensiteten.
Ei trombe er ein mykje svakare kvervel, og er ofte berre synleg i områda nær bakken der dei kvervlar opp støv og avfall. Sjølv om dei er svakare enn vanlege tornadoar kan dei føre til alvorlege skadar.
Ein «støvkvervel» (eller «dust devil») er ei roterande luftsøyle. Dette fenomenet liknar tornadoar, men er sjeldan kraftigare enn sjølv dei svakaste tornadoane, og kan ofte dannast under klår himmel. Av og til kan dei derimot medføre øydeleggingar, spesielt i tørre område.
mini|200px|venstre|Ein sekvens som viser utviklinga av ein tornado.
Livssyklus Dei fleste tornadoar følg same utviklinga frå dei oppstår til dei døyr ut. Det heile startar med at ei kraftig toresky utviklar ein roterande mesosyklon eit par kilometer opp i atmosfæren, og blir ei supercelle. Når regnet i toreskya aukar på, drar det luft med seg nedover mot bakken. Denne kraftige luftstraumen akselererer når han kjem ned mot bakken og drar den roterande mesosyklonen med seg nedover. Når mesosyklonen nærmar seg bakken oppstår det ei synleg trektforma sky som søkk nedover frå skybasen. Dette skjer samtidig med at den kraftige luftstraumen har nådd bakken og skapar kraftig vind her, ofte eit godt stykke unna sjølve nedslagsfeltet. Vanlegvis er tornadoen i gang eit par minutt etter at denne luftstraumen har nådd bakken.
I starten får tornadoen tilført energi ved at varm og fuktig luft strøymer inn i han, og han held fram med å vakse til han er fullt utvikla. Då kan han vare frå eit par minutt til eit par timar. Samtidig vil lufta som opphavleg sokk ned frå lufta i lag med regnet byrje å omringe tornadoen, og stoppar tilførsla av varm og fuktig luft. På dette stadiet byrjar tornadoen og svekkast. Tornadoen blir tynnare og tynnare og vinden på overflata kan forme tornadoen i meir ujamne mønster.
Samtidig som tornadoen er I ferd med å døy ut, blir ofte mesosyklonen svekka i tillegg. Men i kraftige superceller kan prosessen starte på nytt. Når den første mesosyklonen er i ferd med å forsvinne, kan luft som strøymer inn i andre område av supercella danne ein ny mesosyklon og ein ny tornado kan oppstå. Av og til kan den gamle, eller «okkluderte», og den nye mesosyklonen danne tornadoar samtidig.
Dette er ein fullt ut akseptert teori for korleis dei fleste tornadoar blir danna og døyr ut. Den forklarar derimot ikkje korleis trombar, langvarige tornadoar eller tornadoar med fleire kvervlar oppstår.
Karakteristikk
mini|Ein kileforma tornado, om lag 1,5 km brei mini|Ein tornado i ferd med å løyse seg opp. Dei horisontale linjene i framgrunnen er kraftlinjer. mini|Desse to bileta er tatt om lag samtidig av same tornado. Det eine er tatt med sola i ryggen, medan det andre er tatt mot sola.
Form Dei fleste tornadoar har den karakteristiske smale traktforma, og kan vere eit par hundre meter breie med ei sky av avfall nær bakken. Tornadoar kan derimot ha mange forskjellige former.
Små og relativt svake tornadoar, som trombar, er berre synlege som ei roterande sky av støv og avfall nær bakken. Sjølv om den trektforma skya ikkje når heilt ned til bakken, blir ho rekna for å vere ein tornado visst vinden er større enn 18 m/s (64 km/t).
Store og kraftige tornadoar har ofte ei kileform. Desse kan vere så breie at dei ser ut som ein mørk vegg av skyer. På avstand kan det av og til vere vanskeleg for sjølv erfarne observatørar å sjå skilnaden på lågthengande skyer og ein kileforma tornado. Tornadoar som er i ferd med å døy ut er ofte smale og kan svinge att og fram på veg opp mot skya.
I tillegg kan tornadoar vere heilt dekte av regn eller støv. Desse tornadoane er spesielt farlege sidan sjølv erfarne meteorologar kan ha problem med å oppdage dei.
Storleik I USA blir ein gjennomsnittstornado rekna for å vere 150 m brei, og flytte seg om lag 8-10 km. Svake tornadoar, eller kraftige tornadoar som er i ferd med å løyse seg opp, kan vere svært smale, av og til berre eit par meter. På den andre enden av skalaen har ein kileforma tornadoar som kan vere over 1 km breie. I mai 2004 blei Nebraska i USA råka av ein tornado med breidde på heile 4 km.
Den tornadoen som ein reknar med har flytta seg lengst er Trestatstornadoen (Tri-State Tornado) som råka delar av Missouri, Illinois og Indiana og som flytta seg 352 km. Ein veit derimot ikkje om dette var den same tornadoen, eller om det var fleire tornadoar som oppstod frå same toresky. I moderne tid er ein tornado som råka North Carolina i november 1992 den som har flytta seg lengst, med 260 km.
Utsjånad Tornadoar kan ha mange forskjellige fargar avhengig av kor dei oppstår. I tørr luft kan dei vere nesten usynlege, berre synlege på grunn av roterande avfall nær bakken. Tornadoar som tar opp lite støv og avfall har ofte ein kvit- eller gråaktig farge. Skypumper er ofte svært kvite og av og til blå. Tornadoar som tar opp mykje avfall og støv er vanlegvis mørkare. Visst jordsmonnet er raudaktig, får òg tornadoen ein raudaktig farge, medan tornadoar i snødekt landskap ofte blir heilt kvite. I tillegg kan sollyset fargelegge tornadoar i forskjellige fargar.
Støv som er kvervla opp av torevêret, kraftig regn og hagl og nattemørket er alle faktorar som kan skjule tornadoar. Tornadoar under slike forhold er spesielt farlege, sidan det berre er radarobservasjonar eller lyden av dei som kan åtvare folk om at dei er på veg. Heldigvis oppstår dei fleste tornadoar i dei regnfrie områda av toreskyene, og om ettermiddagen når det er lyst. I tillegg blir tornadoar om natta ofte lyst opp av lynnedslag.
Ved å bruke dopplerradar har ein funne ut at dei fleste tornadoar har eit klårt og roleg sentrum med ekstremt lågt lufttrykk, liknande auget i tropiske syklonar.
Rotasjon Tornadoar roterer vanlegvis syklonsk (mot klokka på nordlege halvkule). Storskala lågtrykk roterer alltid syklonsk på grunn av corioliseffekten, men tornadoar er for små til å bli direkte påverka av jordrotasjonen. Om lag 1 av 100 tornadoar roterer antisyklonsk (med klokka) på grunn av at supercelle ein sjeldan gong utviklar antisyklonske rotasjonsceller. Trombar er som regel antisyklonske. Intensitet og øydelegging mini|Døme på skade etter ein F0-tornado. Desse tornadoane kan velte tre og knekke greiner, som vist her. Bygningar slepp vanlegvis frå det utan skadar, men tre som fell ned kan både skade og ta livet av menneske, sjølv om dei er innomhus. mini|Døme på skadar etter ein F1-tornado. Desse kan skade bilar og campingvogner, i tillegg til mindre skadar på bygningar. Dette svære mobile huset var likevel ikkje tungt nok til at ein F1-tornado ikkje klarte å flytte det. mini|Døme på skadar etter ein F2-tornado. Desse kan føre til større øydeleggingar på bygningar. Tak kan rivast av og ytterveggar kollapse. I tillegg kan store mengder flygande avfall føre til øydeleggingar. Dette huset, som var dårleg konstruert, mista både taket og fleire ytterveggar. mini|Døme på skadar etter ein F3-tornado. Her kan tak og innerveggar på murbygningar kollapse. Den beste sjansen for å overleve er å søke tilflukt i kjellaren eller det midterste rommet i huset, sjølv om dette ikkje alltid er nok. F3-tornadoar og oppover er ganske sjeldan, og i USA står dei for berre 6 % av alle tornadoar. Sidan 1980 har dei likevel stått for 75 % av alle menneskeliv som har gått tapt i samband med tornadoar. mini|Døme på skadar etter ein F4-tornado. Alle bygningar som stikk opp av overflata er sårbare for slike tornadoar. Desse kan fjerne store hus, flytte tog, fly og bilar gjennom lufta. mini|Døme på skadar etter ein F5-tornado. Desse tornadoane kan skape kolossale øydeleggingar og fjerne alt som kjem i vegen for dei. Det er derimot folk som har overlevd møte med slike tornadoar, trass i at vindstyrken er så kraftig at dei kan fjerne asfalt frå overflata. Dei er heldigvis svært sjeldne. Tornadoar har forskjellig intensitet avhengig av form, storleik og kor dei oppstår. Kraftige tornadoar er som regel større enn svakare tornadoar. For å rangere tornadoar brukar ein Fujita-Pearson Tornado Intensity Scale: Klassifikasjon Vindstyrke Skadeverknader F0 opptil 115 km/h Svake F1 179 km/h Moderate F2 251 km/h Store F3 330 km/h Alvorlege F4 416 km/h Ekstreme F5 509 km/h Svært ekstreme