Forrest Richard Betts () kjend som Dickey Betts, var ein USA-amerikansk gitarist, songar, låtskriva og komponist, mest kjend som opphavleg medlem i The Allman Brothers Band.

Han vart med bandet innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1995 og vann ein Grammy fo besste rockefamføring med bandet for instrumentale hans «Jessica» in 1996. Betts vert rekna som ein av dei beste gitaristane gjennom tidene, og danna i lag med Duane Allman ein av rockens beste gitarduoar, og introdusere melodiske, doble gitarharmoniar og kontrapunkt som «omgjorde reglane for korleis to rockegitaristar kan arbeide i lag, og fullstendig skrota dei tradisjonelle rollene med ein rytmegitarist og ein sologitarist, og stod i staden tå mot tå».

Betts vart rangert på 58. plassen på Rolling Stone si liste over dei 100 beste gitaristane gjennom tidene i 2003, og på 61. plassen på tilsvarande liste i 2011.

Diskografi

Soloalbum

Highway Call (1974) (som Richard Betts) Dickey Betts & Great Southern (1977) (som Dickey Betts & Great Southern) Atlanta's Burning Down (1978) (som Dickey Betts & Great Southern) Night (1982, Bootleg) (som Dickey Betts) Pattern Disruptive (1988) (som Dickey Betts Band) Let's Get Together (2001) (som Dickey Betts Band) The Collectors (2002) (som Dickey Betts & Great Southern) The Official Bootleg (2006) (som Dickey Betts & Great Southern) Live at Metropolis, Munich (2017) (som Dickey Betts and Great Southern ) Dickey Betts Band: Live at the Lone Starr Roadhouse (2018) (som Dickey Betts)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dickey Betts» frå , den 8. september 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:USA-amerikanske rockegitaristar Kategori:USA-amerikanske bluesgitaristar Kategori:USA-amerikanske gitaristar Kategori:Musikarar frå Florida Kategori:The Allman Brothers Band-medlemmar Kategori:Sologitaristar Kategori:Folk frå West Palm Beach i Florida Kategori:Rock and Roll Hall of Fame