«Jessica» er eit instrumentalt stykke av det amerikanske rockebandet The Allman Brothers Band, gjeve ut i desember 1973 som den andre singelen frå det fjerde studioalbumet deira, Brothers and Sisters (1973). Songen vart skriven av gitaristen Dickey Betts og var ei hyllest til sigøynerjazz-gitaristen Django Reinhardt, sidan han vart skriven for å berre spelast med to fingrar på venstre handa.

Betts skreiv det meste av «Jessica» på garden til bandet i Juliette i Georgia. Han kalla stykket opp etter dottera, Jessica Betts, som var spedbarn då songen kom ut. Ho hadde hoppa opp og ned til rytmen i songen og Betts prøvde å fange haldninga hennar i melodien. Han inviterte med seg gitaristen Les Dudek til å samarbeide på stykket, og Dudek skreiv mellomspelet. Arrangementet vart laga før innspelinga, som fann tad i Capricorn Sound Studios i Macon i Georgia.

Songen vart gjeven ut på singel etter den store suksessen dei hadde hatt med «Ramblin' Man», men «Jessica» vart ikkje ein like stor suksess. Trass i dette vart han mykje spelt på radio. Kritikarane har ofte vore særs positive og kalla det høgdepunktet på albumet, og i 2006 omtalte Wall Street Journal songen som «eit sant nasjonalt arvestykke».

Songen er blitt særs kjend som kjenningsmelodien til bilprogrammet Top Gear på BBC Two

Salslister Liste (1973) Plassering Canada Top Singles (RPM)35 Canada Adult Contemporary (RPM)68scope="row"scope="row" US Easy Listening (Billboard) 29

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jessica (instrumental)» frå , den 9. september 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1973 Kategori:Songar skrivne av Dickey Betts Kategori:The Allman Brothers Band-songar Kategori:Rockeinstrumentalar Kategori:Capricorn Records-singlar Kategori:Top Gear