Enlightened Rogues er det sjette studioalbumet til det amerikanske rockebandet The Allman Brothers Band. Albumet vart produsert av Tom Dowd og gjeve ut i februar 1979 i USA på Capricorn Records og på PolyGram Records andre stader. The Allman Brothers Band hadde lagt ned bandet i 1976 etter mykje krangling og eskalerande dopmisbruk. Bandet vart splitta i forskjellige grupper - mellom anna Great Southern, Sea Level og The Gregg Allman Band. Gitaristen Dickey Betts tok kontakt med bandkollegaene sine i 1978 med tanke på å spele saman att. Etter at to av dei tidlegare medlemmane avslo, la dei til dei to nye medlemmane Dan Toler på gitar og David Goldflies på bass. Dei slo seg til i Sarasota i Florida, der dei øvde og skreiv songar for albumet hausten 1978.
Bandet byrja innspelinga av Enlightened Rogues i desember og innspelinga strekte seg inn på nyåret Innspelinga fann stad i Criteria Studios i Miami i Florida med produsenten Tom Dowd, som arbeidde på tre tidlegare Allman Brothers-album. Gruppa budde i lag med utsyn over Biscayne Bay. Innspelinga gjekk fint og pynteleg for seg. Albumtittelen kom frå eit sitat frå den originale gitaristen Duane Allman som brukte å skildre bandet som «The world is made of two great schools, enlightened rogues and religious fools.»
Albumet selde godt i USA og nådde niandeplassen på albumlista og selde til gullplate. «Crazy Love» var den andre av tre topp 40-hittar bandet fekk, då han nådde ein 29. plass. Trass i dette gjekk Capricorn konkurs den hausten og The Allman Brothers gjekk over til Arista Records.
Innhald
Medverkande Gregg Allman - klaverspelar, vokal Dickey Betts - gitar, vokal Dan Toler - gitar David Goldflies - bass Jaimoe - perkusjon, trommer Butch Trucks - perkusjon, trommer Andre medverkande: Joe Lala - perkusjon (3, 5, 6) Bonnie Bramlett - korvokal (1) Jim Essery - munnspel (2, 4, 5, 7) John Lundahl - ekstra gitar (2) Mimi Hart - korvokal (8)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Enlightened Rogues» frå , den 12. september 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Musikkalbum frå 1979 Kategori:The Allman Brothers Band-album Kategori:Album produserte av Tom Dowd Kategori:Capricorn Records-album