Robert Lewis Burns jr. () var ein USA-amerikansk trommeslagar som var med i den første besetninga av southern rock-bandet Lynyrd Skynyrd.
Biografi Burns var med å skipe Lynyrd Skynyrd i 1964 med Ronnie Van Zant, Gary Rossington, Allen Collins og Larry Junstrom og vart verande med bandet til 1974, sjølv om somme kjelder hevda han forlet bandet ei stund tidleg i 1970-åra. Bruns spelte på dei tilegaste demoane til bandet, frå 1970, men på albumet Skynyrd's First and... Last, ei samling av tidlege demoar, vert trommene på delar av ongane spelte inn i 1971 spelte av Rickey Medlocke. Dette albumet inneheld òg songar spelte inn i 1972, med Burns på trommer, som indikerer at Burns kan ha vore borte frå bandet i 1971 og kome attende i 1972. Ei kort stund tidleg i 1970-åra spelte Rickey Medlocke stundom samstundes med Brns på konsertar, slik The Allman Brothers Band gjorde.
I tillegg spelte Burns på dei to første studioalbuma til bandet: (Pronounced 'Lĕh-'nérd 'Skin-'nérd) og Second Helping. Burns slutta i 1974 fordi han var lei turnélivlet og vart erstatta av Artimus Pyle.
Burns døydde i ei bilulukke då han krasja i ein postkasse og eit tre i ein skarp sving den 3. april 2015.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bob Burns» frå , den 14. september 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:USA-amerikanske rocketrommeslagarar Kategori:Lynyrd Skynyrd-medlemmar Kategori:Musikarar frå Jacksonville i Florida Kategori:Døde i trafikkulukker Kategori:Rock and Roll Hall of Fame