Thomas Delmer «Artimus» Pyle () er ein USA-amerikansk musikar, mest kjend som trommeslagar i Lynyrd Skynyrd frå 1974 til 1977 og frå 1987 til 1991. Han og bandkollegaene hans i Lynyrd Skynyrd vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2006.Vrabel, Jeff. (29. november 2005). Rock the Hall The Florida Times-Union. Henta 15. september 2018.Vrabel, Jeff. (29. november 2005) All who have played in the band won't be inducted The Florida Times-Union. Henta 15. september 2018.

Pyle kom me i Lynyrd Skynyrd i 1974 etter å ha ført spelt ved sida av, og så erstatta, den origniale trommeslagaren Bob Burns. Han overlevde flystyrten med flyet som førte heile bandet mellom to konsertar. Pyle vart hardt skadd, medan andre i bandet omkom. Bandet vart oppløyst etter styrten, og han byrja å spele i Rossington Collins Band med somme av dei tidlegare bandkollegaene, men Pyle måtte slutte etter han braut foten på 21 forskjellige stader etter ein kollisjon med ein fyllekøyrar. Pyle vart erstatta av Derek Hess.. I 1982 spelte Pyle med Artimus Pyle Band (A.P.B.).«Lynyrd Skynyrd» The Rolling Stone Encyclopedia of Rock & Roll (Simon & Schuster, 2001). Reprinted at rollingstone.com . Henta 15. september 2018. I 1987 vart Lynyrd Skynyrd starta opp att og Pyle vart igjen ein del av bandet. Han slutta etter de første, nye innspelinga deira, Lynyrd Skynyrd 1991.

Diskografi

Lynyrd Skynyrd Nuthin' Fancy (1975) Gimme Back My Bullets (1976) One More from the Road (1976) Street Survivors (1977) Legend (1987) Southern by the Grace of God (1988) Lynyrd Skynyrd 1991 (1991)

Artimus Pyle Band A.P.B. (1981) Nightcaller (1983) Live from Planet Earth (2000) Artimus Venomus (2007)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Artimus Pyle» frå , den 15. september 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Artimus Pyle Band

Kategori:Lynyrd Skynyrd-medlemmar Kategori:Musikarar frå Louisville i Kentucky Kategori:USA-amerikanske rocketrommeslagarar Kategori:Rock and Roll Hall of Fame