Carl Dean Radle () var ein USA-amerikansk bassist som har spelt og turnert med mange kjende artistar frå seint i 1960-åra og i 1970-åra. Han vart posthumt innlemma i Oklahoma Music Hall of Fame i 2006.
Radle var mest kjend for det lange samarbeidet med Eric Clapton, som byrja i 1969 med Delaney and Bonnie and Friends og fortsette i 1970 med Derek and the Dominos. I 1970 vart Radle med på Joe Cocker sin Mad Dogs and Englishmen-turné. Han spelte på alle soloprosjekta til Clapton frå 1970 til 1979 og var med på turneane hans.
Radle spelte òg inn musikk med Dave Mason, J.J. Cale, George Harrison, Joe Cocker, Leon Russell og Buddy Guy, blant fleire. Han er å sjå i Martin Scorsese-filmen The Last Waltz frå 1978, som dokumenterer den siste konserten til The Band i 1976.
Radle døydde i mai 1980 av ein nyreinfeksjon han fekk som følgje av langvarig misbruk av alkohol og dop. Han vart 37 år gammal.
Diskografi
Med Derek and the Dominos 1970 Layla and Other Assorted Love Songs 1973 In Concert 1990 The Layla Sessions: 20th Anniversary Edition 1994 Live at the Fillmore
Med Eric Clapton 1970 Eric Clapton 1974 461 Ocean Boulevard 1975 E. C. Was Here 1975 There's One in Every Crowd 1976 No Reason to Cry 1977 Slowhand 1978 Backless
Andre 1972 Naturally - J.J. Cale
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Carl Radle» frå , den 15. september 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Musikarar frå Tulsa Kategori:Bluesmusikarar frå Oklahoma Kategori:USA-amerikanske rockebassistar Kategori:Derek and the Dominos-medlemmar Kategori:Delaney & Bonnie & Friends-medlemmar Kategori:USA-amerikanske studiomusikarar