«I'll Be There (If You Ever Want Me)»' er ein song skriven og gjeven ut på singel av den amerikanske countryartisten Ray Price. Etter at han vart ein stor countryhit i 1954, vart songen ofte spelt av andre artistar, som Cowboy Copas, Elvis Presley, Connie Smith, Johnny Bush, George Jones og Tammy Wynette, Ronnie Milsap, Heather Myles, Martina McBride, Sam Palladio, Don White & Eric Clapton, Willie Nelson, Nick Lowe, Gail Davies og J.J. Cale.
Ray Price-versjonen Ray Price skreiv «I'll Be There (If You Ever Want Me)» i lag med låtskrivaren Rusty Gabbard. Songen vart spelt inn 28. desember 1953 i «Castle Recording Studio» på Tulane Hotel i Nashville. Same dagen spelte dei inn «Release Me» (som vart B-sida til singelen) og «The Last Letter». Innspelinga vart produsert av Don Law. Singelen kom ut i januar 1954 på Columbia Records og «I'll Be There (If You Ever Want Me)» nådde andreplassen på Billboard Magazine Most Played C&W in Juke Boxes-lista. I tillegg nådde B-sida («Release Me») topp 10 på same lista. Opphavleg vart ikkje songen gjeven ut på eit album.
«I'll Be There (If You Ever Want Me)» var ein del av ein serie songar spelte inn tidleg i karrieren til Ray Price. Han syner ein musikalsk person bygd på ideologien og musikken til venen og mentoren Hank Williams. Price spelte ofte songen med bandet til Williams, Drifting Cowboys, på konsertar.
Salslister Liste (1954)PlasseringUS Most Played in C&W in Juke Boxes (Billboard)2
Kjelder Denne artikkelen bygger på «I'll Be There (If You Ever Want Me)» frå , den 16. september 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1954 Kategori:Singlar frå 1954 Kategori:Singlar frå 1980 Kategori:Ray Price-songar Kategori:Songar produserte av Gail Davies Kategori:Columbia Records-singlar Kategori:Warner Bros. Records-singlar Kategori:George Jones-songar Kategori:Connie Smith-songar Kategori:Ernest Tubb-songar Kategori:Johnny Cash-songar Kategori:J.J. Cale-songar Kategori:Ronnie Milsap-songar Kategori:Tammy Wynette-songar Kategori:Willie Nelson-songar Kategori:Leon Russell-songar Kategori:Nick Lowe-songar Kategori:Don Williams-songar Kategori:Martina McBride-songar Kategori:Gail Davies-songar Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:John Fogerty-songar Kategori:Eric Clapton-songar