Sveio kyrkje er ei langkyrkje frå 1858 i Sveio kommune i Vestland. Kyrkja er ein treskipa basilika med vesttårn og rett avslutta kor. Ho har 630 sitjeplassar.

Det er urnelund attmed kyrkja. Elles er det ein gravplass om lag ein kilometer lengre vest.

Tidlegare kyrkjer To kyrkjer har stått på den gamle kyrkjestaden om lag 250 meter vest for dagens kyrkje. Ei gamal stavkyrkje omtala i 1686 skal ha vore oppført i mellomalderen. Denne kyrkja vart i 1688 avløyst av ei tømmerkyrkje.Kulturminnesøk om den gamle kyrkjestaden.

Kjelder

Hans-Emil Lidén: Sveio kirke i «Norges kirker»

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kyrkjer i Sunnhordland prosti Kategori:Kyrkjer i Sveio Kategori:Norske kyrkjer frå 1850-åra Kategori:1858 i Noreg Kategori:Kulturminne i Sveio