mini|høgre|Det skogfinske flagget.
Skogfinnar (svensk skogsfinnar eller svedjefinnar) er ei etnisk gruppe som stammar frå finnar frå Savolax og Tavastland som slo seg ned i skogområda i Sverige og Noreg, særleg området som vart kjent som Finnskogen, på begge sider av den svensk-norske grensa, hovudsakleg på 1500– og 1600-talet. Skogfinnar er ein av dei fem nasjonale minoritetane i Noreg. Det finst kring 1,7 millionar svenskar og drygt ein halv million nordmenn med skogfinsk avstamming.
mini|venstre|Utbreiingskart over skogfinnar. mini|Alma Gustavsson, fødd i 1896 på Heinaho i Nyskoga sokn, var ein av dei siste värmlandsfinnane som snakka skogfinsk. Ho døydde på 1980-talet.
Størstedelen av denne finske utvandringa skjedde i løpet av hundreårsperioden ca. 1575–1660. Skogfinnane var i hovudsak frå Savolax i Finland (som då låg under Sverige), og dei slo seg ned i ulike skogområde i Midt-Sverige og Søraust-Noreg. Ikkje minst kom denne innvandringa til å prege det store skogsområdet, Finnskogen, på båe sider av den noverande riksgrensa mellom Hedmark i Noreg og Värmland i Sverige, grovt avgrensa av elvane Glomma i Noreg i vest, Klarälven i Sverige i aust, og i Noreg av grensa til Eidskog kommune i sør og Trysilvegen i nord. På sitt tradisjonelle vis bygde dei i slike skogsområde gardshusa sine og skaffa seg åker og beiteland ved såkalla svedjebruk, som går ut på å hogga og brenna skogen for å dyrke i oska.
Det var både personlege, økonomiske, politiske og samfunnsmessige årsaker som gjorde at dei reiste. Ei av årsakene var den arealkrevjande landbruksforma som dei hadde som hovudnæringsveg, svedjebruk, sidan dei dreiv skiftebruk i utmarka ved å svi av granskog og så rug i oska, såkalla rugbråter.Tvengsberg, Per Martin, 2010 Svedjebruk, Norsk Skogfinsk Museum ISBN 978-82-93036-00-5 Dette bråtebruket vart nokre stader drive fram til ca. 1800, men gradvis gjekk etterkommarane over til fast åkerbruk.
Skogfinnane lærte seg svensk eller norsk og vart tospråklege, men heldt lenge på den kulturelle særarten og det finske språket. Blandingsekteskap vart vanlege tidleg. Ved slutten av 1700-talet hadde skogfinnane i stor grad vorte assimilerte inn i den svenske eller norske kulturen, ein prosess som var nærast fullstendig fullført ved byrjinga av 1900-talet.
Namn Omgrepet «skogfinnar» er fyrst kjent frå sanksjonar frå den dansk-norske kongen frå 1648, men folka har også vore kjende som , eller . Den finske nemninga er .
Historie
miniatyr|Skogsfinnar fotograferte i skuronna i Purala i Östmark i 1931.
Under den strenge klimaforverring i den såkalla vesle istida frå 1300 til 1850 ekspanderte det savokarelske svijordbruket i alle retningar, sterkast i perioden 1550-1700. Dei store jomfruelege granskogsområda i nord var ein nisje i næringsgrunnlaget. Denne jordbruksekspansjonen frå Savolax og Karelen gjekk til Sverige, Nord-Finland, Twer, Ingria, Estland og Noreg.
Granskogen var ikkje verdsett for tømmerproduksjon slik som furu. Han vart omtalt som unyttig, og styresmaktene i Sverige ønskte grankonsumentane velkomne. Samfunnet ville ha nye skatteborgarar, så derfor vart nykommarane stimulerte med tilbod om skattefridom i byrjinga. Dette statlege lokkemiddelet var ikkje årsaka til ekspansjonen, men det hadde ein positiv verknad.
Etter krigen i åra 1555-57 mellom svenske og russiske troppar, klaga russarane over at finnane trekte austover og tok landet i bruk, og dette heldt fram til freden i Stolbova i 1617. Også dei politiske forholda oppmuntra finnane til framleis utflytting. I åra 1637–42 emigrerte mange svedjefinnar frå Karelen vidare austover til guvernementet Twer (Kalinin), godt hjelpt av den russisk-ortodokse kyrkja og adelen, som ønskte seg nye skattebetalarar. Granskogane på Valdai høglandet, Tikhvin og Novgorod fekk også finske svedjebrukarar. Dette er godt dokumentert i arkivet i Twer.
Skogfinnar var også ein del av svensk etablering i Amerika. På 1630-40-talet kom dei så langt vest som Nye Sverige ved Delaware-elva i USA.New Sweden in America. Redigert av Carol E. Hoffecker (m.fl) University of Delaware Press, 1995. side 346. «The Finnish settlers in Delaware were an extention of the expansion of the burn-beating settlers, first to the unpopulated areas of central Finland, then the hilly forrest of western central Sweden, and finally to the fertile Delaware River valley.»
Svedjebruk høgre|mini|Trälar under penningen av Eero Järnefelt viser svijordbruk i Karelen.
Dei finske innvandrarane til Skandinavia på 1500- og 1600-talet hadde svedjebruk som si primære jordbruksform. I Skandinavia kom dei snart i kontakt med åkerbrukskulturen til bygdefolket, og det kom i gang eit gjensidig samarbeid. Fordi skogfinnane var spesialistar på svedjebruk, søkte dei seg til dei beste granskogsområda, men desse var som oftast også i bruk som setermarker av bøndene.
I denne perioden med klimaforverring var bøndene tvinga til aukande utnytting av setrane sine. Samtidig auka utvidinga til svedjebrukarane seg. Talet og storleiken på svedjane måtte auka for å oppnå same avling som før. Dette førte til ei intens utnytting av seterskogen, men finnane etterlét seg det bonden helst ville ha; inngjerda (olla piihassa) avlagde svedjer der det vaks gras (niittu abo). Dette samarbeidet førte ofte til at finnane fekk slå seg ned på setra, og skogfinnane hadde også ofte husdyr frå bygda i pensjon om sommaren. Det blir også nemnt at finnane leverte smør både til bygda og vidare til byen. På Finnskogen endra dette seg ein del då tømmerhogsten auka på 1800-talet.
Skogfinnane danna såkalla svedjelag når det skulle hoggast, brennast og haustast ei svedje. Svedjelaget bestod av mange øksemenn under ein leiar. Leiaren Tomas Hakkinen skal ha hatt 50 menn på sitt svedjelag.
Norske styresmakter prøvde å få oversyn over talet på skogfinnar i Noreg gjennom folketeljingar, mellom anna ved Finnemanntallet for 1686.
mini|portrett|venstre|Husbonden på Juhola. Frå Svenska Turistföreningens årsskrift 1928. mini|portrett|Finskætta kvinner med kyr i Värmland på 1950-talet.
Sidan byrjinga av 1900-talet er skogfinnane vorte assimilerte blant befolkninga rundt. Det finske språket blir ikkje tala meir, og berre stadnamn minner om den finska arva. I område med større busetjingar med finska enklavar kunne finnane ganske lenge unngå assimilering og oppløysing. Dette galdt særleg i dei største av dei värmlandske finnbygdena ved norskegrensa i Fryksdalen og Klarälvdalen, særleg i sokn som Östmarks socken, Nyskoga socken, Södra Finnskoga socken og Vitsands socken og i Grue Finnskog i Noreg, som hadde ein homogen finsk busetnad i eit breitt skogsområde som var 14–15 mil langt. Ein av de siste finskkunnige i finnskogane i Värmland var Henrik Olsson (1895–1980). Finsk hadde overlevd i 350 år isolert utan skriftspråk.
Kultur mini|Hakkloa er eit av fleire finske stadnamn i Nordmarka. Her er vatnet sett nordfrå, med Kikuttoppen bak til høgre.
Den tradisjonelle jorddyrkinga ved svedjebruk, den tradisjonelle byggjeskikken med mellom anna røykstover med ein stor oppmurt steinomn (røykomn) som tok om lag fjerdeparten av plassen i rommet, og den skogfinske kombinasjonen av kristen tru og tradisjonell folketru, utgjorde ein særeigen skogfinsk kultur i høve til den norske og svenske.
Finnane hadde lenge rykte på seg for å vera trolldomskunnige. I 1817 og perioden 1821–22 utførte den Savolax-fødde finlandssvenske studenten Carl Axel Gottlund reiser til dei svenske og norske finnbygdene. Under desse reisen skildra han ei særs utførleg dagbok over stadnamn, gardar og slektsnaman til innbyggjarane. På denne tida var 17–18 prosent av innbyggjarane i Värmland, eller cirka 25 000 personar, av finsk ætt.
I seinare år er det vorte drive eit aktivt kulturvernarbeid på Finnskogen for å ta vare på skogfinsk kultur, m.a. med skipinga av «Republikken Finnskogen». Forfattaren Åsta Holth og museumsstyraren Birger Nesholen gjennom Norsk Skogfinsk Museum har vore sentrale i dette arbeidet.
Finske stadnamn Svedjebruket kravde store areal med skog, og dette var tilgjengeleg i desse områda, som låg langt vekk frå bygdene. Både i Noreg og Sverige fekk desse skogsområda etter kvart namna finnskogar eller finn(e)marker (mark i tydinga skogsmark, jamfør namn som til dømes Nordmarka). Finnskogen langsetter riksgrensa mot Värmland var hovudområdet for denne finske busetnaden i Noreg. Men det var òg finsk busetnad i andre skogsområde på Austlandet, mellom anna i dei skogsområda sør for Tyrifjorden som har fått namnet Finnemarka. Namna som finnane sette på stadar, elver, vatn, myrar og åsar i desse områda er framleis i bruk, ofte i norsk språkdrakt, og gjerne med tilføyingar som fylgje av mistydingar av dei finske orda.
Det finst finnebuplassar over eit stort område på Austlandet frå Finnskogen i nordaust til Finnemarka utanfor Drammen i sørvest. Mange er framleis i drift som vanlege småbruk. Skogfinnane har etterlate seg mange finske stadnamn. Hakkloa i Nordmarka er eit døme. Sentrum for kulturen i Noreg i er Finnskogen i Innlandet.
Frå Värmland finst det rundt 7 000 finske stadnamn nedteikna. Av desse er rundt 4 000 i vanleg bruk eller lever att i folkeminnet.
Skogfinsk byggjeskikk
Skogfinnane hadde ein heilt særeigen byggjeskikk med røykstove, badstove og rie som dei viktigaste karakterbygningane.Nesholen, Birger: «Byggeskikken på Finnskogen : - unik i både norsk og nordisk perspektiv». (utdrag av) kapittel i boken «Livet på Finnskogen» ISBN 82-91208-01-8 Norsk Skogfinsk Museum; Byggeskikk , 23.08.2013 Når det gjeld sjølve gardstunet, har det heilt opp til våre dagar vore karakteristisk for Finnskogen at bygningane på gardstunet er langt meir spreidde og vilkårleg plasserte enn dei meir ordna tunformasjonane i norsk- og svenskbygder. Tilsvarande tunformer har vore karakteristiske for område i austre Finland.
Røykomnprinsippet for oppvarming hadde finnane med seg frå Finland då dei kom og slo seg ned i dei norsk-svenske granskogområda frå midten av 1600-talet. På Finnskogen heldt finnane fram med å bruka denne oppvarmingsteknikken – og dermed også byggjeskikken – i 300 år. Ei rekkje røykstover vart bygde på siste halvdel av 1800-talet, og ein har bygd badstover til inn på 1900-talet.
Røykstove
mini|«Rökstugan» frå 1700-1800-talet, no ved Sågudden friluftsmuseum i Arvika. mini|Inne frå røykstova ved Ritamäki finngård i Torsby kommun. Det spesielle med ei røykstove er oppvarmingsmåten. For at rommet skal fungera best mogleg med røykomn utan skorstein, er det nødvendig med nokre tekniske modifikasjonar av rommet. Ein av desse modifikasjonane i høve til eit vanleg våningshus er den brekte himlingen/innertaket som kviler over to veldige berestokkar. Desse åsane går på dei fleste røykstovene ut gjennom gavlveggen og er ofte det einaste som særmerkjer ei røykstove utvendig, om ein då ser bort frå røykhatten på toppen av røykkanalen av tre som stikk opp over yttertaket og som leier røyken ut frå røykstoverommet.Nesholen, Birger: «Byggeskikken på Finnskogen : - unik i både norsk og nordisk perspektiv» (s. 165–178) i boken Livet på Finnskogen (red. Sven R. Gjems m.fl) Utgitt av Finnetunet, 1992. ISBN 82-91208-01-8
Røykomnen er eit fenomenalt oppvarmingsprinsipp. Røykomnen er bygd opp av ei stor mengd naturstein mura saman med leire som bindemiddel. Når denne steinmassen blir varma opp gjennom fyring i omnen, fungerer han som varmemagasin som frigjer nok varme til å halda ein behageleg romtemperatur heile det neste døgnet. Røyken under oppfyringa veltar ut i rommet og legg seg som eit bølgjande teppe oppunder det brekte taket. På denne måten varmar røyken opp vegger og tak i rommet slik at også dei grove trematerialane verkar som varmekjelde i lang tid etter at elden er sløkt.