mini|Fridomsgudinna på Liberty Island Liberty Island er ei øy i New York Harbour utanfor Manhattan i New York, best kjend som staden Fridomsgudinna er plassert. Øya heitte opphavleg Bedloe's Island, men fekk i 1956 det nye namnet Liberty Island.
Ein kan berre nå øya med ferje, anten frå Battery Park i Manhattan eller Liberty State Park i Jersey City.
Øya tilhøyrer dei føderale styresmaktene i USA. Sjølv om ho ligg på New Jersey si side av delstatsgrensa, er øya administrativt ein del av Manhattan i New York.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Liberty Island» frå , den 18. september 2018.
Kategori:Øyar i New York