Eva Margareth Bratholm () er ein norsk journalist, rådgjevar og programleiar. Ho har fartstid i både NRK, Dagbladet og Norad.

Biografi Bratholm byrja karrieren som journalist i 1975 i Arbeider-Avisa i Trondheim. Etter det var ho journalist i Arbeiderbladet i 1977–79, og vidare politisk medarbeider i Dagbladet i 1979–83. I 1983 byrja ho som medarbeider i NRK si nyhendeavdeling, der ho blant anna arbeidet i Dagsrevyen. Frå 1989 til 1993 var ho NRKs korrespondent i Washington D.C. og frå 1996 til 1999 var ho programleiar i Bokbadet. I 1999 kom ho attende til Dagbladet, der ho jobba som kulturredaktør og utanriksreporter i New York .

I 2006 var ho i ein kort periode informasjonssjef i Posten Norge, før ho i 2007 vart tilsett som informasjonsdirektør i NORAD. Bratholm forklarte at det var saknet etter å driva med nasjonal og internasjonal politikk som fekk ho til å slutta i Posten Noreg. Frå 2010 til 2012 var ho ambassaderåd ved Noregs ambassade i Delhi i India med politikk som arbeidsområde. I 2017 slutta ho i stillinga som informasjonsdirektør i NORAD, men er enno tilsett i organisasjonen.

Som journalist har Bratholm særleg dekt utanriksstoff generelt og amerikansk politikk og samfunnsliv spesielt.

Av utdanning har ho blant anna grunnfag i historie (1973).

Bratholm vart gift med økonom og byråsjef Petter Nore i 1983. Ekteskapet vart oppløyst i 2006. I 2009 vart ho gift med journalist Joar Hoel Larsen. Ho har tre barn frå første ekteskap.

Bibliografi 2004 Brooklyn N.Y.C. 2002 New York – forfatternes by 1991 Den perfekte fienden

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Eva Bratholm» frå , den 20. september 2018.

Referansar

Kategori:Norske diplomatar Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Folk frå Trondheim Kategori:Programleiarar for NRK