Krist kirkegård er ein freda kyrkjegard i Oslo som ligg i Grubbegata på Hammersborg.

Kyrkjegarden vart laga i samband med flyttinga av byen flytt etter storbrannen i 1624. På området ved kyrkjegarden vart det først sett opp eit lite kapell av tre i 1626, kalla Christkirken, i påvente av den permanente kyrkja. Christkirken fungerte som gravkapell fram til det vart rive i 1756.

venstre|mini|Peststøtta på Krist kyrkjegard er det eldste offentlege monumentet i Oslo. Etter eit pestangrep i 1654 trengde ein fleire gravplassar. Det vart laga rom for desse ved Christkirken, hovudsakleg for døde soldatar frå Akershus festning. Dei døde er heidra med eit eige monument, Peststøtta frå 1654. På grunn av at kyrkjegarden i hovudsak vart brukt til militære, gjekk han under namnet Krigskyrkjegarden på folkemunne.

Etter eit kolera-angrep i 1835 vart kyrkjegarden mellombels utvida heilt ned til Møllergata. I 1946 vart Grubbegata anlagd og delte kyrkjegarden i to. Den nedre delen mellom Grubbegata og Møllergata vart gjort om til dagens Kristparken i 1964. Den noverande kyrkjegarden gjekk ut av bruk i 1924 og stod avlåst til han vart rehabilitert i 1999.

I sør grensar kyrkjegarden til den gamle Deichmanske bibliotek-bygningen (hovudbibliotek 1933–2019) og Svenska Margaretakyrkan. høgre|mini|Gravene til ekteparet Fleischer, med identiske smijernkrossar.

Kjende personar gravlagt på kyrkjegarden

Nicolay Johan Krog (1787–1856), sjef for Krigsskolen og statsråd Andreas Samuel Krebs (1776–1818), oberst og «Helten frå Matrand». Det blir lagt krans på gravstaden hans kvar 17. mai. August Friedrich von Wackenitz (1726–1808), general Niels Treschow (1751–1833), professor i filosofi Frederik Wilhelm Stabell (1763–1836), general og eidsvollsmann Palle Rømer Fleischer (1781–1851), general, statsråd og eidsvollsmann

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Krist kirkegård» frå , den 21. september 2018.

Bakgrunnsstoff

Informasjonsbrosjyren til kommunen om kyrkjegarden

Kategori:Parkar i Oslo Kategori:Kulturminne i Oslo