Harald Bjarne Slettebø () var ein norsk skulemann frå Eigersund, stortingsrepresentant 1973-77 for Anders Langes Parti.
Slettebø tok artium ved Rogaland landsgymnas i 1941 og cand.real.-eksamen ved Universitetet i Oslo i 1946. Etter eitt skuleår som lektor ved St. Svithuns skole i Stavanger, arbeidde han 1947-59 som lektor ved den kommunale høgre allmenskulen i Haugesund. Frå 1959 til 1989 var han rektor ved Stord gymnas.
Slettebø melde seg inn inn i Anders Langes Parti straks etter partiet vart stifta våren 1973. Ved storingsvalet 1973 vart han vald inn på Storinger frå Hordaland fylke. Perioden 1973-77 var han medlem av Justiskomitéen, og 1976–77-sesjonen var han parlamentarisk leiar for Anders Langes Parti, som i 1977 endra namn til Framstegspartiet. Slettebø var seinare medlem i Stord kommunestyre 1980–83 og i Hordaland fylkesting og fylkesutval 1984–87.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Harald Slettebø» frå , den 22. september 2018.
Kategori:Norske skulefolk Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Folk frå Eigersund Kategori:Folk frå Stord