mini|Det søkkande SS «Flying Enterprise» (øvst til venstre) fotografert frå USS «General A. W. Greely» (AP-141) 29. desember 1951. Kura Carlsen () var ein dansk-amerikansk sjøkaptein som vart verdskjent i desember 1951 då han i 13 døgn nekta å forlata det havarerte og søkkande skipet sitt, SS «Flying Enterprise».

Carlsen vart sjømann allereie som 14-åring og hadde kommando over eige skip 32 år gammal. Første skipet han var kaptein på var eit Isbrantsen-skip og han vart verande i same reiarlag yrkeslivet ut.

Etter forliset til SS «Flying Enterprise» vart han motteke som ein helt i USA med parade på Broadway. Han fekk òg kommandoen over eit nytt skip med namnet SS «Flying Enterprise 2».

Carlsen døydde 75 år gamal i 1989.NYTimes.com – Obituaries, Henrik K. Carlsen, 75, A Heroic Sea Captain (Av AP. Publisert 9. oktober 1989, besøkt 6. april 2015) Han vart kremert og oska vart strødd over Atlanterhavet.

«Flying Entreprise» «Flying Entreprise» var eit libertyskip bygd i 1944 som tilhøyrde reiarlaget Amercan-Export Isbrantsen Line. Skipet var undervegs frå Hamburg til New York lasta med mellom anna rujern og bilar. Utanfor Land's End i Cornwall fekk båten rivner i skroget og byrja søkka.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kurt Carlsen» frå , den 23. september 2018.

Referansar

Kategori:Danske sjøfolk Kategori:USA-amerikanske sjøfolk Kategori:Dansk-amerikanarar