William «Bill» McGuire Bryson () er ein bestseljande amerikansk forfattar. Han har budd det meste av vaksenlivet sitt i England, med eit opphald i USA att frå 1995 til 2003, og er både amerikansk og britisk statsborgar. Bryson hadde stillinga som chancellor ved Durham University frå 2005 til 2011.

Bryson er mest kjend for sine humoristiske reiseskildringar, men har òg skrive ein del bøker om det engelske språket. Han blei kjend i Storbritannia for boka og fjernsynsserien Notes from a Small Island (1995), som utforska øyriket. Han fekk vidspreidd merksemd for A Short History of Nearly Everything (2003, norsk En kort historie om nesten alt), ei bok rosa for godt tilgjengeleg informasjon om vitskap. Bøkene til Bryson er kjenneteikna av humoren hans, som til trass for at han gjennomsyrar alt ikkje står i vegen for formidlinga av kunnskap.

Bakgrunn Bryson var fødd og voks opp i Des Moines i Iowa som son av sportsjournalisten Bill Bryson Sr., som arbeidde ved Des Moines Register i 50 år, og Agnes Mary (fødd McGuire), redaktør ved same avis. Han hadde ein eldre bror, Michael (1942–2012), og ei syster, Mary Jane Elizabeth. I 2006 gav Bryson ut ei humoristisk skildring av barndommen sin i The Life and Times of the Thunderbolt Kid. Same året blei han tildelt bynøkkelen til Des Moines av borgarmeisteren Frank Cownie, som erklærte at 21. oktober 2006 skulle vera «Bill Bryson, The Thunderbolt Kid, Day».

Reiser og karriere Bryson studerte ved Drake University i to år før han gav seg i 1972, då han heller ville reisa som ryggsekkturist gjennom Europa i fire månader. Året etter vende han tilbake til Europa saman med venne Matt Angerer (omskriven under pseudonymey Stephen Katz). Bryson skreiv om opplevingane sine på turen i boka Neither Here nor There: Travels in Europe.

mini|venstre|Bill Bryson i Durham, aom han hadde skildra som ein perfekt liten by, i 2005.

I 1973 vitja Bryson Storbritannia for fyrste gong under Europa-turen sin. Han bestemte seg for å bli verande etter å få ein jobb ved eit psykiatrisk sjukehus, det no nedlagde Holloway Sanatorium i Virginia Water i Surrey. Her møtte han ein sjukepleiar, Cynthia Billen, som han gifta seg med i 1975. Dei flytta til Des Moines i 1975 så Bryson kunne fullføra graden sin ved Drake University. I 1977 slo dei seg ned i Storbritannia. Familien Bryson budde ulike stader i landet, fyrst i Virginia Water i Surrey, så Purewell i Dorset, Burton i Dorset og Kirkby Malham i North Yorkshire på 1980- og 1990-talet, og i Wramplingham i Norfolk frå 2003 til 2013. Dei slo seg så ned i Hampshire. Frå 1995 til 2003 budde dei i Hanover i New Hampshire.

Bryson verka som journalist, fyrst for Bournemouth Evening Echo, seinare for The Times og The Independent. Medan han budde i USA på 1990-talet skreiv Bryson ei fleirårig spalte for ei britisk avis om humoristiske sider ved tilbakevendinga si til heimlandet. Nokre av desse blei omforma til boka hans I'm a Stranger Here Myself (USA), kalla Notes from a Big Country i Storbritannia, Canada og Australia. Medan han budde i USA bestemte Bryson seg for å gå fotturen Appalachian Trail med vennen Stephen Katz (pseudonym), noko han skreiv om i boka A Walk in the Woods. Boka blei filmatisert i 2015 med Robert Redford i rolla som Bryson og Nick Nolte i rolla som Katz.

mini|upright|Bryson i regalia til Chancellor of Durham University I 2005 blei Bryson utnemnd til chancellor ved Durham University etter sir Peter Ustinov. Han blei meir aktiv i høve til studentaktivititetar enn det som er vanleg for denne seremonielle rolla. Han var mellom anna med i ein studentfilm og promoterte søppelsanking i byen. Bryson hadde rosa Durham som «a perfect little city» i Notes from a Small Island. I oktober 2010 blei det kjend at Bryson kom til å forlata rolla ved slutten av 2011.

mini|Bill Bryson i turutstyr i 2018.

I mai 2007 blei Bryson leiar for organisasjonen Campaign to Protect Rural England. Han fokuserte fyrst på å skipa ein kampanje mot forsøpling i heile England. Han diskuterte framtida til landsbygda med Richard Mabey, Sue Clifford, Nicholas Crane og Richard Girling ved CPRE sin Volunteer Conference i november 2007.

I oktober 2020 gjorde Bryson det kjend at han hadde «pensjonert» seg frå å skriva bøker.

Prisar og utmerkingar

2004: Aventis Prize frå Royal Society for «best general science book» for A Short History of Nearly Everything. 2005: Descartes-prisen for vitskapskommunikasjon for A Short History of Nearly Everything. 2005: President's Award frå Royal Society of Chemistry for å fremja kjemiske vitskapar 2006: Æres-Officer of the Order of the British Empire (OBE) for bidrag til litteraturen. Etter at han blei britisk statsborgar blei ordenen omgjort til ei vanleg utnemning. 2007: James Joyce Award frå Literary and Historical Society of University College Dublin. 2007: Bradford Washburn Award frå the Museum of Science i Boston i Massachusetts for bidrag til å popularisera vitskap 2011 Golden Eagle Award frå Outdoor Writers and Photographers Guild. 2012: Kenneth B. Myer Award frå Florey Institute of Neuroscience i Melbourne i Australia.

Med Royal Society of Chemistry blei Bill Bryson Prize for Science Communication skipa i 2005.

22. november 2012 omdøypte Durham University offisielt hovudbiblioteket sitt til Bill Bryson Library til ære for innsatsen hans som chancellor ved universitetet. Biblioteket har også ein kafé med namn etter Bryson si bok Notes from a Small Island.

I 2013 blei Bryson vald til æresmedlem av Royal Society, som den fyrste ikkje-briten.

Æresdoktorat Æresdoktorat, Open University, 2002 Honorary Doctor of Civil Law, Durham University, 2004 Æresdoktorat, Bournemouth University, 2005 Honorary Doctorate, University of St Andrews, 2005 DLitt, University of Leeds, 2005 Æresdoktorat, University of Leicester, 2009 Doctor of Humane Letters, Drake University, 2009 Æresdoktorat, King's College London, 13. november 2012 Honorary Doctorate, University of Westminster, 2015 Honorary Doctor of Humane Letters, University of Iowa, mai 2016 Honorary Doctorate for services to literature, University of Winchester, October 2016

Bøker Omsett til norsk Down under : jakten på Australia (2001), (Down Under) Verken her eller der : fra Hammerfest til Istanbul (2002), (Neither here nor there : travels in Europe) USA : det tapte kontinent (2002), (The lost continent : travels in small-town Amerika) Notater fra en liten øy, (2003), (Notes from a small island) En kort historie om nesten alt (2005), (A short history of nearly everything) I de dype skoger (2006), (A walk in the woods) Lyngutten (2007) (The Life and Times of the Thunderbolt Kid: A Memoir) Hjemme (2012) (At home, a short history on private life) En sommer, Amerika 1927 (2013) (One Summer, America 1927) Kroppen : en guide for deg som bor i den (2019) (The Body: A Guide for Occupants)

Ikkje omsett til norsk The Palace Under the Alps and Over 200 Other Unusual, Unspoiled, and Infrequently Visited Spots in 16 European Countries (1985) The Mother Tongue: English and How it Got That Way (1990) Made in America: An Informal History of the English Language in the United States (1994) Bill Bryson's Bizarre World (1995) (A collection of tall tales, absurd stories and crazy, true-life anecdotes.) I'm a Stranger Here Myself: Notes on Returning to America After Twenty Years Away (US Edition) / Notes From a Big Country (britisk utgåve) (1998, columns about moving back to the USA) Bill Bryson's African Diary (2002) Bryson's Dictionary of Troublesome Words (2002) The Road to Little Dribbling: Adventures of an American in Britain (2016)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bill Bryson» frå , den 23. september 2018.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Britar av USA-amerikansk opphav Kategori:Folk frå Des Moines Kategori:USA-amerikanske sakprosaforfattarar Kategori:Britiske sakprosaforfattarar